Set opp kampen mot postdirektivet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Posthorn til norske scener

Teatersjef Ellen Horn presenterte tysdag ein vårmeny som også består av eit nyskrive stykke om folkestyre, dokketeater om den islandske finanskrisa, klassikaren «Snøhvit» i ny versjon og ei danseframsyning signert tre unge koreografar. Dessutan skal veteranen Toralv Maurstad ut på turné med suksessframsyninga «Sokrates' forsvarstale», og Doktor Proktor held fram rundreisa landet rundt med prompepulveret i bagasjen.

LES OGSÅ: Kulturår med Ullmann, Nesbø og Munch

Noko ekstra
Men godbiten på vårmenyen er nok uansett dramatiseringa av Vigdis Hjorth-romanen «Leve posthornet!», som handler om noko så originalt som ein kommunikasjonsrådgjevar og kampen mot postdirektivet frå EU. Hjorth fekk Kritikerprisen for boka, som kom ut i fjor.

Om at romanen no blir teater, seier Hjorth:

– Dette er morosamt. Eg gler meg veldig til å sjå kva dei har gripe fatt i, kva dei føler at det handlar om.

Vala er det dramaturg Toril Solvang og regissør Marit Moum Aune som gjer. Aune seier at det er spennande å ha to forskjellig grupper publikummarar: Dei som har lese boka og dei som ikkje har gjort det.

– Vi må først og fremst spele for folk som møter dette stoffet for første gong, men vi skal også ha noko ekstra for dei som har lese boka, så dei kan assosiere vidare, seier Aune til NTB.

Ho seier at boka til Hjorth som skapt for Riksteatret.

– Ho har vinkel frå den staden du er, frå Oslo og frå distrikta. Det er ein veldig dynamikk i boka. Hjorth er også så bra fordi ho skriv så munnleg. Ho tek for seg både den store samtalen i samfunnet, men også den vesle samtalen, og viser korleis han fører til at vi tek val, seier Aune.

Rollene blir spelt av Anne Ryg, Ulla M. Broch, Eindride Eidsvold, John S. Kristensen og Kristian Støvind.

LES OGSÅ: Er dette Noregs beste førestilling?

Grunnlovsfeiring
27. februar er det klart for endå ei urpremiere – «Folkestyre 2014». I høve grunnlovsjubileet har regissør Hilde Brinchmann og dramaturg Henriette Vedel reist landet rundt og samla inn tankar og meiningar om demokratiet i Noreg i dag. Dei har stilt dei same spørsmåla til mange menneske og fått ei mengd ulike svar. Resultatet har blitt ein teaterframsyning der skodespelarar presenterer autentiske historier om folks tru på eiga moglegheit til å forandre.

Riksteatret sender også ut på vegen noko så originalt som eit dokketeater om den islandske finanskrisa. Det er det New York-baserte dokketeaterkompaniet Waka Waka som står bak produksjonen «Saga», som alt er lønna med ein teaterpris. Waka Waka har også tidlegare vore på turné i Noreg.

Ut på turné skal også framsyninga «Trippel dose dans» av dei tre unge koreografane Alan Lucien Øyen, Stian Danielsen og Ludvig Daae.

Dei yngste barna kan gle seg over «Snøhvit», Brødrene Grimms eventyrklassikar, som skal ut på turné i ein versjon signert Torfinn Nag. Dette er ein samproduksjon med Oslo Nye Teater.