– Manusforfattaren er den nye stjerna

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den danske suksessoppskrifta

Danmarks Radio har dei seinare åra investert i manusforfattarane sine idear, noko som har resultert i unike forteljingar spesielt tilpassa tv-formatet, meiner lektor ved Københavns Universitet, Eva Novrup Redvall

LES OGSÅ: – Sårbart å miste språket sitt

Norske bokadapsjonar
– I danske seriar har manuskriptforfattarane i større grad vorte stjerner, som òg har vorte kjent utfor bransjekretsen. Til no har ein ikkje sett det same i til dømes Noreg og Sverige, meiner forskaren.

Novrup Redvall har skrive boka Writing and Producing Television Drama in Denmark: From The Kingdom to The Killing. Ho ser forskjellar i korleis dei Skandinaviske landa satsar på tv-seriar.

– I Noreg og Sverige har ein hatt suksess med å lage seriar bygd på kriminalromanar og andre bestseljarar, som ikkje er skrive for tv-mediet, seier Novrup Redvall til Videnskab.dk.

Ho peikar på svenske eksempel som «Beck» og «Wallander».

Her heime har Gunnar Staalesen sine bøker om antihelten Varg Veum vorte filmatisert og synt i to episodar på Tv2, medan NRK har hatt suksess med filmatiseringa av Lars Saabye Christensen sin «Halvbroren».

LES OGSÅ: Ghita Nørby får Nordens språkpris

Makt til manus
Forskaren meiner at grunnen til at fleire av den danske rikskringkastinga sine tv-satsingar har hatt suksess er at dei har flytta makta frå regissøren til manusforfattaren.

Heile 631.000 nordmenn har følgt etterforskarane Martin og Saga i den andre sesongen av krimserien «Broen». Det er nesten 50.000 fleire sjåarar enn første sesong. Sesonfinalen vart sett av 3 millionar skandinavar, ifølgje NRK.no.

Men «Broen» er ikkje den einaste danske serien som har gått godt i andre land. Både «Forbrydelsen» og «Borgen» vart store suksessar på NRK. Begge seriane vart kjøpt opp av amerikanske produksjonsselskap for nyinnspelingar, akkurat som «Broen».

Sidse Babett Knudsen var i år mellom dei nominerte til den internasjonale Emmy-prisen for si rolle som Danmarks statsminister i «Borgen». Til saman har danske seriar henta heim fem slike prisar dei siste åra.

LES OGSÅ: – Ikkje gje opp å snakke norsk

Set dagsorden
Ifølgje Novrup Redvall har ikkje stoda alltid vore like god for danske tv-seriar. Fram til slutten av 90-talet satsa Danmarks Radio mest på kortare seriar skrivne av romanforfattarar.

Inspirasjonen til å arbeide annleis kom særleg frå eit besøk hjå amerikanske Fox Studios som hadde suksess «NYPD Blue».

Her fekk dramaavdelinga i Danmarks Radio ideen om at manusforfattarane skulle spele ei viktigare rolle og i større grad arbeide saman.

– Det betyr at ein har fått nokre forfattarar, som har vorte svært dedikert til tv-seriane dei skriv.

No lagar kanalen konsekvent seriar med over ti episodar på ein time kvar, som sendast søndag kveld. Det har vore ei suksessoppskrift.

– Det gjev seriane moglegheit til å setje dagsorden og vere noko folk snakkar om over tid, meiner forskaren.

 

 


Faktaboks

Danske EMMY-vinnande dramaseriar:

• 2009: Livvagterne

• 2005: Ørnen

• 2003: Nikolaj and Julie

• 2002: Rejseholdet

• 2005: Unge Andersen (Mini-serie)