All von til rebellane?

Bjarne Bjørnevik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Generasjonsmotsetnader er på mange måtar eit moderne påfunn. Trass i at det nok til alle tider har eksistert skilnader mellom ung og gammal, var det først då dei radikaliserte sekstiåttarane gjorde sitt inntog i norsk samfunnsliv, at det voks fram ei ungdomsrørsle med kulturdrag og meiningar som stod i aktiv opposisjon til haldningane i vaksensamfunnet. Parallelt med skiftande verdikonjunkturar har kvar generasjon sidan den gong gjerne definert seg sjølv i motsetnad til den førre, etter mønster av korleis sekstiåttarane grov fram ei generasjonskløft mellom seg og foreldregenerasjonen.

Etter sekstiåttarane kom dei materialistiske fridomsbarna som stod bak jappetida, reiv ned Berlinmuren og hadde økonomisk vokster som eitt av sine mest høglydte mantra. Underleg nok har nyætta som veks opp i dag, ikkje halde tradisjonane i hevd. Foreldra kritiserer ungdomen for ikkje å vere sjølvstendig og nytenkjande, medan dei unge panisk ser etter noko å ta seg til for å oppfylle dei vaksne sine forventingar til oppbrot og splid. Slik blussar generasjonsdebatten opp i media jamt og trutt når ein representant for dei vaksne kjem med ein formanande peikefinger, fordi han ikkje får auge på eit prosjekt som han tykkjer at ein ungdomsgenerasjon med litt hald i lyt ha. Det er som når far og mor ringjer den unge for å uttrykkje si uro, og den sløve ungdomen freistar å overtyde dei der heime om at det går veldig bra, jamvel om det kanskje ikkje verkar heilt sånn. Det er slik det framstår når Aksel Braanen Sterri fortel den bekymra Gunnar Aakvaag at dagens unge er minst like flinke rebellar som dei var på den tida då Aakvaag sjølv var ung.

Vomfylt konformisme

I tilsvaret til Aakvaag sitt åtak på generasjon lydig går Aksel Braanen Sterri inn i rolla som kjennar av den nye vinen. Sterri sitt svar på ungdomen si manglande barrikadebygging er like enkelt som det er elegant. Me ser nemleg ikkje poenget med barrikadane lenger, fordi me er så rasjonelle og fornuftige i all vår ferd. Dei unge er så opptekne av å applaudere dei stadige vitskaplege framstega, og er så trollbundne av desse, at dei ikkje tør gjere noko ut av seg. Det er i det heile ei forvitneleg form for intellektuell knebøy Sterri går inn i. Han freistar å bortforklare det manglande engasjementet til dagens ungdom med at me har eit prosjekt som er så stort at me ikkje eigentleg legg merke til det sjølv, fordi det er så sjølvsagt og naturleg. Spørsmålet mitt er om ikkje dagens unge er passive tilskodarar i større grad enn aktivt deltakande i forminga av morgondagens samfunn. Det er til dømes eit symptom i den retning når Sterri er kritisk til eit forenkla mediebilete, samstundes med at han omtalar to ungdomspolitikarar som gode eksempel frå vår generasjon. Dette gjer han trass i at dagens unge politikarar jamt over ikkje er stort anna enn ei klona forlenging av dei eldre førebileta, som ikkje har gjort noko som helst for å fornye det meiningslause politikarpjattet som pregar det offentlege ordskiftet i desse dagar.

Eit kritisk blikk vil innvende at den fjellstøe trua på framsteget, para med låg valdeltaking og dei musestille forelesingssalane på Blindern, like gjerne kan vere eit symptom på vomfylt konformisme. Det konforme treng i seg sjølv ikkje vere gale. Problemet ligg i at det som oftast inneber eit fråvær av kritisk tankegang og ein dvask moral. Sprengkrafta i ein slik kombinasjon lyt ikkje undervurderast. Når konformismen er som olje og intellektet som vatn, tek hugen sine første tankesløve steg mot dyredjupet som er i oss alle. Når denne rørsla har funne stad, utvidar rivna seg umerkeleg, stille, heilt til det moralske imperativet inni oss er så veikt at det sit stubbfast, og er erstatta med det eg kallar dyrisk rasjonalisme. Med det meiner eg den kalde skrivebordsbestialiteten som ein finn hjå ein Eichmann og andre finreknande blodsbyråkratar, som er naudsynt for å gjennomføre eit folkemord på ein ryddig og pertentleg måte.

Grunnen krev ikkje nokon djuptloddande psykologisk analyse. Det er så enkelt som at den rovdyrsliknande valden ein ser under slike tilhøve, også avheng av litt rasjonell fingerspitzengefühl. Det er ikkje mi meining at ein skal stengje seg inne i ei glaskule og avvise alt som dunstar av vitskap og framsteg. Men me treng heller ikkje meir av den ukritiske gnikkinga mot gullkalven som heiter rasjonalitet og framsteg. Om historia har synt oss noko, så er det at det rasjonelle må handsamast med skeptisk varsemd, og i vissa om at det finst grenser for kva ein kan utrette og oppdage med rasjonaliteten som tryllestav. Her skulle det vere nok å peike på det vesle paradokset i at det for hundre år attende fanst ein annan generasjon som var like optimistisk på vegner av fruktene ein plukka ned or kunnskapstreet, som dagens er i Sterri sitt storsyn. Det var ein entusiasme som ikkje slokna før kokken blei slukt av si eiga kjøtkvern.

Kongroa og karnevalsfølgjet hennar

Personleg trur ikkje underteikna på noko kollektivt ungdomsprosjekt. Eg har ikkje Sterri og andre si gudgjevne evne til å trekkje kaninar opp av flosshattar. Det finst sjølvsagt mange innvendingar til teorien om at det ikkje finst noko prosjekt. Eit innlysande døme på ei slik innvending er miljø- og klimaspørsmålet. Ungdomen er oppteken av å verne matfatet i nord, og dei fleste av oss festar lit til at klimaendringane er menneskeskapte. Men røynda har det med å vere vanskeleg. Og det er når ein nyttar Sterri sine tankar på røynda, at dei avslører seg som kreative påfunn klekt ut på kammerset. For dersom den vitskapleg orienterte ungdomen trur på menneskelege miljøforandringar, så skulle ein tru at dei var oppriktig bekymra for framtida og det drønnet frå morgondagen som ventar dersom me ikkje tek klimaet på alvor. Når resultatet frå skulevalet gjer petroleumspartiet Høgre til største parti, er det ikkje berre enkelt å tru at dei verkeleg er bekymra. At ungdomar flest heller ikkje står i opposisjon til systemet som er i ferd med å øydeleggje mykje av livsgrunnlaget på jorda, men faktisk strøymer til attraktive jobbar i oljeindustrien, skulle vere prov nok på at noko skurrar i miljøengasjementet til den nye generasjonen.

Menneskerettar er den tredje delen av triaden eg ofte ser framheva som ein viktig ungdomsverdi. Også det er uforståeleg når ein ser godt etter. Her om dagen trefte eg ein kolportør frå Amnesty på campus ved HiOA. Ho fortalde meg at dei fleste ho møtte, talande nok ikkje visste kva Amnesty dreiv på med. Mi røynsle er at ungdomen si interesse for menneskerettar, til liks med miljøengasjementet, er meir ei ven luftspegling enn handfast realitet. I ung alder er ein nok meir påverkeleg av kjenslekasta og inntrykka ein mottek gjennom media enn seinare i livet. Dette syner seg i korleis mange eg kjenner, kan bli djupt indignerte og tale med heilag vreide om urettvisa i verda når ein klesfabrikk i Bangladesh kollapsar, og hundrevis av menneske blir gravlagt under ruinane. Men å bli frå seg når noko slikt skjer, er ikkje meir enn ei kontrollmåling av det moralske kompasset ditt. Det er vala du gjer i ettertid, som faktisk har noko å seie. Kor mange reagerer på menneskerettsbrot med systematisk kapitalismekritikk i ord og handling? Så lenge unge likevel held fram med å handle i butikkar som ikkje bryr seg om rettane til skabbdrivne fabrikkarbeidarar i Asia, har eg vanskeleg for å seie meg samd i at dei er særs opptekne av menneskerettar.

Mitt inntrykk er at me som er unge i dag, ikkje har noko sams prosjekt over ein slik leist fordi me allereie er del av det mergstolne karnevalsfølgjet til eit langt større og gjennomtrengande prosjekt, som sakte, men sikkert har gjort landnåm i alle våre sponlette draumar og silkemjuke ideal. Og dette prosjektet trumfar både miljø og menneskerettar når ideal skal omsettast i handling. Eg talar om systemet – mellom oss sagt prosjektet – kapitalisme.

Vent ein augneblink no, kjære lesar, før du kvesser knivane og spikrar ein ung skribent opp på den blodige, raude altertavla saman med marxistiske gromgutar som Pol Pot, Mao og Stalin. Frykt ikkje: Dette kjem ikkje til å munne ut i eit dogmatisk syrebad. Eg trur ikkje på politiske ideologiar uansett. Eg er ein rutelaus komet. Ung og urøynd nok til framleis å feste lit til den uregjerlege menneskesjela og livet her på jorda. I denne samanhengen er eg ingen ideolog, men meir av ein fattigmanns psykolog som freistar å setje ein diagnose på intuisjon og medfødd instinkt. Det einaste eg vil fram til, er at kapitalismen er kongroa som spinn saman mange av dei tilhøva som kjenneteiknar samtida. Me er fanga inn i ein vev som gjer rakrygga motstand umogleg. For ingen av oss kunne tenkje seg å ofre sjølvrealisering, karriere eller materiell velstand i strid for eit medmenneske. Det er like utenkjeleg som det skulle vere for ein romersk soldat å miste legionen si gullørn i kamp. Me har sete oss godt til rette i sirupstønna og har ikkje ork til å slite oss laus. Den triste utviklinga har sitt opphav i det einfelte tankeklimaet dagens unge er oppvaksne i.

Sunnmøre in memoriam

Min sunnmørske stammefrende pater Arnfinn Haram skriv ein stad at det einaste som står att etter bortfallet av dei store motrørslene på Sunnmøre, er tanketom materialisme. Bedehus-, fråhalds- og målrørsle var hjula som knytt saman til ein drivaksel var maskineriet i den sunnmørske åndstradisjonen, som strekkjer seg attende til Hans Strøm og Sivert Aarflot. Diverre er denne tradisjonen skylt bort under trykket av ein globalisert vinningskultur. I dag har ikkje arbeidsmoralen og strevarmotet noko høgare mål. Det er profitt og botnlinje som rår grunnen på dei nedsøkkte tuftene som står att etter desse ein gong så livskraftige motkreftene.

Utviklinga på Sunnmøre er på ingen måte unik. Den same diagnosen kan ein lett setje på resten av landet òg. Mangelen på eitt eller fleire ideologiske korrektiv til det største straumdraget i samfunnet er meir problematisk enn det kanskje ser ut til ved første augnekast. For i dag finst det ikkje lenger sterke politiske og kulturelle krefter som plasserer seg utanfor den førande retninga i samfunnsutviklinga. Det me står att med, er ukritisk sjølvdyrking, kjendiseri og kulturell amerikanisering. Det manglar ikkje på prosjekt, det er berre det at medlemane av «Generation Me», i tråd med denne triste utviklinga, står i kvar si inngjerding og putlar med sin eigen jordlapp, i von om ein dag å kunne hauste status og perfeksjon. Det viktigaste er å konstruere ein profitabel personlegdom. Me sel oss sjølve til omverda, skapar vår eiga subjektive sanning og konstruerer ein personlegdom me kler på oss som var det snakk om rustning og banevåpen i ein eksistensiell fektekamp, der sjølvet er den einaste samanhengen.

I smålåten stil har eg valt å kalle denne framskytinga av individet for den knausgårdske vendinga. Bakgrunnen for namnet gjev seg sjølv. Vår generasjon er oppvaksen i ei tid der skiljet mellom det personlege og det private er i ferd med å bli ei stor gråsone. Det personlege er det første og viktigaste referansepunktet i livet og i media. Det er personleg erkjenning som opptek oss. Me er ikkje lenger like lydhøyre overfor idear, tankar og teori basert på rasjonell diskurs. Viktigare er den personlege eigenerfaringa. Gjennom sosiale medium, bloggar og personfokuserte nyhendereportasjar ser ein korleis det ålmenne og kollektive blir bytt ut med det personlege og partikulære. Eit perspektivskifte som appellerer til oss med patos og kjensleladde bodskapar, stikk i strid med trua på dagens oppveksande generasjon sin hang til rasjonalitet og vitskap. Ta til dømes den nyleg avslutta valkampen og søkjeljoset media hadde på menneska bak politikarfasaden. Erna Solberg vinn brått autoritet på utdanningsfeltet fordi ho har dysleksi, Hareide er nyslått far og veit kvar skoen trykkjer for småbarnsfamiliar, medan ein eller annan politikar i eit eller anna parti står fram med ein familietragedie. At slike personlege synsvinklar seier fint lite om politikken, er ikkje nøye, så lenge det er forteljekunst på høgt tabloidnivå.

Frå gluggen min

Faren med det partikulære er at ein risikerer å bli ståande utanfor all annan samanheng enn den ein på eiga hand maktar å plassere seg sjølv innanfor. Når kvar person definerer tilværet og sine eigne sanningar, er det logisk umogleg at det skal finnast rom nokon stad for eit kollektivt prosjekt eller eit sams sinnelag. Ikkje fordi eit slikt sinnelag eller slike opplevingar ikkje finst, men fordi alle ikler desse røynslene eit subjektivt språk, der det subjektive er innovervendt på ein slik måte at det ikkje strevar mot intersubjektivitet. No har ikkje eg lese Knausgård – livet er for kort til å lese norsk samtidslitteratur mynta på den urbane middelklassen – men kan hende ligg noko av fascinasjonen ved verket i at det maktar å overføre personlege røynsler til ei større offentlegheit. Ikkje veit eg. På den andre sida har eg sjølv kjent på korleis det kan vere i motsett fall, når ein ikkje klarar å overføre subjektive kjensler til eit ålment, forståeleg språk.

For nokre månader sidan freista eg å skrive om den delen av meg som påverkar livet mitt meir enn noko anna. Som råka av cerebral parese frå fødselen av skulle ein tru at eg har mykje å fortelje om korleis det er å vere ein ung mann med ei synleg og livsvarig liding i ein seksualisert, kroppsidealisert ungdomskultur. Til mi eiga overrasking klarte eg ikkje å skrive eit einaste ord eller fange inn den minste tanke om korleis eg opplever det å vere vanfør. Tanken var som støypt fast. I ettertid ser eg at eg ber på mange tankar og røynsler som er utfyllande når spørsmål kring det å vere vanfør dukkar opp i mitt eige hovud. Problemet er at eg ikkje klarer å overføre det subjektive språket som er dekkjande for mine kjensler og tankar, til eit ålment språk som er mogleg å skjøne for dei som ikkje har innsikt eller røynsle med ein slik livssituasjon.

Det blir litt på same måten når ein freistar å konstruere eit kollektivt generasjonsprosjekt. Iallfall dersom ein set som føresetnad at eit sams prosjekt er avhengig av eit sams språk, og at eit sams språk er avhengig av ei sams oppleving av dei same fenomena og hendingane. Poenget her er at dagens unge ikkje leitar etter ei kollektiv oppleving av samtida, fordi me ikkje har som ambisjon å føye saman desse røynslene til eit sams prosjekt. Så lenge eg og andre unge er mest opptekne av subjektiv sjølvforståing, og som eit resultat av dette vantar reiskapar til å byggje bru mellom subjektive røynsler, er det oppsplitta det nærmaste me kjem eit prosjekt. Det er ikkje eit sams prosjekt, fordi språket me tek i bruk for å skildre eksistensen me er kasta ut i, ikkje har sams kontaktpunkt så lenge det individuelt røynde er ein av dei viktigaste pålane me reiser det personlege prosjektet på. Dersom ein skaper eit ålment språk for å uttrykkje ein sams heilskap, misser røynsla funksjon som støttekraft for det personlege. Eit ålment prosjekt endar med andre ord fort opp med å tære på det personlege og sjølvbyggjande livsverket, og såleis blir dei to språkformene innbyrdes utelukkande for kvarandre.

Sabelsvingaren

No skal det rett nok seiast at eg ikkje står utanfor dei tendensane eg stiller meg kritisk til. Dette er ein innsidekritikk. Dersom eg ikkje sjølv hadde vore oppteken av sjølvrealisering, hadde eg vel ikkje sete her og skrive denne teksten. Så noble motiv trur eg få menneske har. Eg stuper blindt frå eine stunda til den neste, for å seie det med Hölderlin, og freistar å binde saman flokane i tilværet til eit solid flettverk i form av noko å tru på og vere pramdragar for. Typisk nok er det ikkje snakk om ei misjonerande tru å overtyde andre med, men ei tru som liknar på den til ein trappist eller ein heilag holebuar. For meg personleg har denne søkjande, åndelege linegangen ført til at eg balanserer bøker om Gud på hovudet, bur meg på å gje Paulus nokre Pauli ord i ein himmelsk polemikk, og les dikt av Arnold Eidslott. Sånn sett er det kanskje dumt av meg å vere så fiendtleg til det eg sjølv ikkje evnar å frigjere meg frå, samstundes med at eg omsynslaust skyt ned alle freistnader på å formulere eit sams prosjekt og ein samlande identitet. For ein annan person med andre perspektiv kan for alt eg veit det partikulære og personlege vere målovergangen for ei flukt frå eit historisk tussmørke.

Når eg tenkjer meg om, er det kanskje det umedvitne i meg som kritiserer prosjektmakarane, fordi eg inst inne veit at eg aldri kjem til å finne min plass innanfor eit sterrisk fornuftsskjema eller i andre prosjekt for den del. Når ein byggjer store fellesskap slik som til dømes sekstiåttarane gjorde, er det alltid nokre ulukkelege som blir ståande utanfor som evige skoggangsmenn. I verste fall riv eg andre ned frå kjepphestane sine berre for at det skal skine ekstra godt av den pikareske krotakalven eg sjølv sit trygt i salen på, medan eg svingar ein trykksverta sabel over hovudet. Eg skal ikkje fortape meg fullstendig i kritikk og spitord mot Sterri og andre. For å danne eit sams prosjekt er det naudsynt at nokon freistar å finne fram til det me alle har sams, og ei slik prøveboring kan medverke til å bryte opp dei språklege stengslene eg skriv om ovanfor. Derfor skal ikkje Sterri og andre utsetjast for einfelt kritikk.

Den gravande opprørsånda

Det er ikkje det eg vil heller. Det er nett mangelen på eit sams prosjekt eg ser på som eit av dei verste tildriva hjå dagens unge. Problemet til Sterri og alle andre som et seg inn til ei naken beingrind på leit etter det manglande mellomleddet dei vil byggje si ideologiske høgborg på, er at dei ikkje grev på dei riktige stadene. Desse velmeinte initiativa slår bein under det faktum at ein ikkje kan formulere eit sams prosjekt, så lenge ein ikkje har funne ein rosettastein å fylle att dei språklege meiningshola med. Dei som freistar å hoppe bukk over problemet ved å implisere at det berre er noko ein gløymde å formulere i forbifarten, risikerer å miste bukseselane i fråsparket. Den babelske forvirringa er resultatet av eit einsretta idémonopol som har valsa alle kulturelle og ideologiske motførestillingar under seg. Konsekvensen er ein ungdomsgenerasjon med førestillingar han ikkje har formulert sjølv, men som han likevel har vore trulova med frå fødselen av, og sidan har blitt tvangsgifta inn i.

Eg har ikkje sjølv noko eigentleg forslag til eit prosjekt for vår tid. Eg er berre ein mann i mengda, og høyrer ikkje til mellom strategane i samfunnet. Den oppgåva lyt andre aksle. Men eg vil påstå at det hadde vore ei god byrjing å vende det kritiske blikket mot oss sjølve, ved å velte over krambuene i tempelet og kaste ut alle dei falske ågerdraumane som listar seg langs skuggane der inne. Først ved å svike det rådande og avsløre det sjølvsagde kan ein utgjere eit reelt alternativ til dagens intellektuelle einevelde.

I vår tidsalder spring alt fram mot ein sams grunn. Under slike tilhøve er det like mykje som før behov for kritiske individ, som kan danne ein slitesterk motkultur til den hegemoniske samfunnsånda. Ei ungdomleg motrørsle som ser gjennom retorisk bullshit og overdådig storytelling, bryt ned skjulte maktstrukturar og gjer felles front mot aukande økonomiske skilnader, egoisme og miljøbrotsverk. Alt må skje i eit mediesamfunn som bølgjar fram i strie straumar og rekk oss til halsen med snøgg informasjon og sterke inntrykk. I ei slik tid treng me ein ung generasjon med sjølvkomponert kritisk sans og evne til ei sjølvstendig tenking som ikkje vik grunnen til fordel for pengemakt og propaganda. Det er ikkje godt å seie om dagens unge ein dag vil miste gullmerket sitt i ein framand skog og få sitt casus belli, eller om me i det heile ville overleve møtet med eit slikt identitetsmessig nullpunkt. Men jamvel i ei tid der det er grunn til å frykte at alle er blitt omstøypte til meir eller mindre lydige byråkrathovud, vil eg driste meg til å avslutte med orda den franske forfattaren Georges Bernanos greip til då han stod i oskehaugen etter den førre verdskrigen: «Eg set alt håp til rebellane. Eg etterlyser opprørsånda. Ikkje av blindt hat til konformisme, men fordi eg heller vil sjå verda satse sjela si og eventuelt miste henne, enn fornekte henne.»

Først publisert i Syn og Segn.
Vann essaykonkurransen til Syn og Segn for unge under 28 år.