Stammar frå Europa

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forsking: Kjem frå Europa

Ei gruppe danske og amerikanske forskarar har studert gena til ein 24.000 år gammal mann, og slik funne at indianarane kom frå Europa, skriv Videnskab.dk.

LES OGSÅ: Spelte fotball på 1300-talet

Eldste moderne mann
Funnet er svært overraskande og kastar nytt ljos over både europearane og dei første amerikanarane si tidlege historie.

Danske professor Eske Willerslev ved Københavns Universitet, er ein av forskarane som har kartlagt genane til det eldste mennesket med moderne anatomi.

Mannen – som levde for 24.000 år sidan – vart funne på 1920-talet ved Mal’ta, nær Bajkalsjøen i Sibir. Arvematerialet avslørte at mannen var europear, og synte at europeisk kultur strakk seg langt inn i Asia. Meir sjokkerande er det at nesten alle nolevande indianarar er etterkommarar av Mal’ta-folket. Det vil seie at indianarane stammar frå europearar.

– Det er svært overraskande og eg trudde først ikkje på det, seier professor Willerslev til Videnskab.dk.

LES OGSÅ: DNA avslører Adolf Hitlers jødiske røter

Europeiske indianarar
Forskingsresultata syner at indianarane må ha oppstått som eit møte mellom to folk: Austasiatarar, som ein allereie visste, og europearar.

Resultata vart først offentleggjort i det vitskapelege tidsskriftet Nature, og har fått merksemd i amerikanske og internasjonale medier.

Koloniseringa av Amerika, kven dei første menneska var, og kvar dei kom frå, har i mange år vore heftig debattert av amerikanske forskarar.

– For amerikansk arkeologi er dette ein verkeleg, verkeleg stor ting, meiner Willerslev.

Europeiske spor
Forskarane mistenkte at mannen frå Sibir kunne vere i slekt med dei som vandra over Beringstredet til Amerika for kring 16.000 år sidan.

Forskarane nytta moderne teknologi for å dobbelsjekke at dateringane stemte, før dei gjekk i gang med sjølve DNA-kartlegginga.

Då Willerslev først fekk prøvane som viste europeisk DNA, vart han skuffa.

– Eg tenkte at det kan ikkje stemme, det måtte vere forureining frå ein europear, som hadde rørt knoklane, forklarar Willerslev.

Men det viste seg ved nærare undersøking at funna stemte. DNA-et i mannen synte seg å stamme frå dei første jegerane og samlarane i Europa. Det vil seie at han har same opphav som dagens europearar.

Gamal slekt
Forskarane reknar med at kring ein tredel, mellom 14 og 39 prosent, av dei amerikanske indianarane sitt arvemateriale stammar frå Mal’ta.

– Det syner at europearar og austasiatar møtte einannan og hadde mykje sex, og det var det som skapte dei amerikanske indianarane, fortel Willerslev.

Tidlegare har ein funne europeiske spor hjå indianarar, ein kontakt ein rekna med skjedde etter at Colombus kom til Amerika. No viser det seg at slektskapet er mykje eldre.