Oslo-folk føler seg utrygge

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Halvparten føler seg utrygge

Dette viser ei meiningsmåling InFact har gjort for VG etter at ransbølga slo inn over hovudstaden i haust.

Tala viser at kvinner føler seg meir utrygge enn menn. Ein av tre av innbyggjarane som føler seg utrygge er i aldersgruppa 30– 44 år. Færre enn ein av tre seier at livet deira ikkje er påverka av alle rana på open gate, skriv VG.

Tal offentleggjort av Oslo politidistrikt måndag viser at det til no i november er levert inn heile 58 ransmeldingar i hovudstaden. Det er meir enn tre ran dagleg dei siste 18 dagane.

Visepolitimeister i Oslo Roger Andresen seier han forstår at ransbølga gjer innbyggjarane skremte.

– Politiet forstår at folk føler frykt, men det er viktig å understreke at risikoen for å bli utsett for ran i Oslo framleis er liten, seier Andresen til VG.

Politiet har identifisert 22 antatte gjerningspersonar for ran melde i november.

Natt til tysdag er det ikkje meldt om noko ran i Oslo, men ei kvinne blei fråstole veska si ved Colosseum på Majorstuen like etter klokka halv eitt.

– Vi søkte ei stund etter veskenapparen, som sprang i retning Frognerparken, men utan resultat, fortel operasjonsleiar Tor Gulbrandsen i Oslo politidistrikt til NTB. (©NPK)