Brageprisen til Tjønn og Lillegraven

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse fekk Brageprisen

For første gong på sidan 2003 har ein poet vunne Brageprisen for skjønnlitteratur. Ruth Lillegraven vann med boka Urd.

Urd er eit tradisjonsbevisst diktverk med linjer blant anna tilbake til sekstitalets nyskapande punktverk Anne av Paal-Helge Haugen. (…) Lillegraven har med stor teknisk dugleik lukkast i å inkorporera sitt lyriske eg i ein vev av skjønn litteratur og levde liv i ein gripande heilskap, heiter det frå juryen.

Prisen for årets barne- og ungdomsbok går til Brynjulf Jung Tjønn for boka Så vakker du er.

– Brynjulf Jung Tjønn skriv lett om noko tungt, og vakkert om noko vondt i denne romanen. Tjønns prosa er rytmisk, biletsterk og poetisk. Han skriv innsiktsfullt om tap, og òg dei tabubelagte og kanskje urettferdige kjenslene som oppstår når dei næraste er sjuke – som sjalusi og sinne. Samstundes er boka ein klassisk ungdomsroman om forelsking og frykt, avvisning og kjærleik, om kjent som blir framandt. Tjønn har skrive ei rørande og håpefull forteljing om ein ung gut som mobiliserer krefter til å handtera livet, skriv juryen.

Sakprosa i strek
Steffen Kverneland er den første nokon gong som vinn sakprosaprisen for ei teikneseriebok med Munch.

– Innhaldet fungerer godt for han som les om Munch for første gong, og det er òg mykje å festa seg ved og more seg over for han som kjenner malaren godt. Her finst treffande overdrivingar og sylskarp ironi både i bilete og tekst. Frekt og freidig trekkjer Steffen Kverneland Edvard Munch ned på gateplan og inn i trivialitetane i livet – og nettopp difor får me auge på den biograferte – og biografen sin – stordom, heiter det frå juryen.

LES OGSÅ: Her er dei nominerte til Brageprisen 2013

Heiderspris til biblioteka
I år var det fire faktabøker for vaksne som var nominerte i open klasse. Yann dei Caprona vann med Norsk etymologisk ordbok
Heidersprisen går til folkebiblioteka.

– Årets vinnar er ein av våre beste og mest aktive litteraturformidlarar. Vinnaren samlar dagleg tusenvis av menneske til samtale, stille fordjuping, opplesingar eller lesing. Gjester frå alle grupper av folkesetnaden blir tilbode det same, dei blir eksponert for heile breidda i norsk litteratur og rettleidd av gode formidlarar. Vinnaren har vorte omtalt som del av grunnmuren til kulturlivet og ein viktig pilar i eit fungerande demokrati. Årets vinnar er ikkje ein, men mange, og me finn dei over heile landet, sa kulturminister Thorhild Widvey då ho delte ut prisen.

Rita Mundal, bibliotekleiar på Lom folkebibliotek, tok i mot prisen på vegne av alle vinnarane.

Les siste boknytt her!