Konflikt er oppskrytt

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Konflikt er oppskrytt

Eller for å seie det på ein annan måte: Dei konfliktorienterte har fått eit ufortent godt rykte.

Folk som liker å provosere, får lett rykte som tøffe. Som regel er dette rykte slike folk sett ut sjølve. Fordi dei så gjerne seier om seg sjølve at dei vågar å ta kampen, at dei ikkje er redde for å stå i stormen. Og så seier dei gjerne at det ikkje går an å stille seg likegyldig til dei.

Eg seier: Jo, det går an. Det går faktisk godt an. Det er ikkje spesielt vanskelig heller. 

Per Sandberg har sagt mykje denne veka. For eksempel sa han i eit intervju at folk enten elskar han eller hatar han.

Eg seier: Nei. Eg kan med handa på hjertet seie at eg ikkje hatar Per Sandberg. Han kan vere irriterannde til tider, det skal innrømmast, men eg hatar han ikkje. Eg kan med handa på det same hjertet seie at eg heller ikkje elskar Per Sandberg. Ein friskus, utvilsamt, men eg elskar han ikkje.

Og for å vere på den sikre sida, for eg er alltid open for at det berre kan vere eg som er sær, så har eg tatt nokre stikkprøver. Eg sitt akkurat no på toget (Sørlandsbanen, sidan du lurer). Eg spurde dei andre i vogna om dei elskar Per Sandberg. Det var ein som var på glid. Eit par ungdommar visste ikkje kven Per Sandberg var. Ein mann i sekstiåra sa at viss han hata nokon, så hata han avisene som skriv så mykje om Sandberg. Dei andre i vogna verka direkte likegyldige.

Så det går an. Det går faktisk godt an. Det er ikkje spesielt vanskelig heller.

Provoserande folk vil gjerne at alle enten skal elske eller hate dei. Og vi som skriv i avisa liker folk som provoserer, for då har vi noko å skrive om. Men det går godt an, det kan faktisk vere ganske fint, å lese om og høyre om slike folk, og tenke: Slapp av. Så ille er det då ikkje.

Og så heller gå tilbake til boka du las, eller filmen du såg, eller ringe ein venn, eller gå ein tur ut. Eller prøve å forstå sjakk.

Og så er det så altfor lett å provosere. Det er noko av det lettaste som finst. Det er berre for meg, for eksempel, å skrive i ei leiande norsk avis at svenskar er minst like rasistiske som nordmenn, dessutan er dei misunnelige, humørlause og ikkje så gode på ski, dei har dårlig hud, idiotiske frisyrar, mindreverdskompleks og har aldri heilt komme over at ABBA er oppløyst.

Det er ikkje meir som skal til. Og om det var det eg ville, så kunne eg takka ja til invitasjonar frå andre som skriv i aviser og snakkar på tv. Og så kunne eg sagt det same om svenskane ein gong til, på tv, og fått svar frå nokon som meiner det motsette. Og så kunne vi alle kjent på korleis det er å stå i stormen. Og så kunne vi innbilt oss at alle enten elskar oss eller hatar oss. Og så kunne vi vore inderlig fornøgde med oss sjølve.

Men det vil eg jo ikkje. For det er for enkelt. Og det er ikkje sant. Og eg er for konfliktsky.

Og det er så mykje anna fint ein kan gjere. Sitte på sørlandsbanen og komme i snakk med folk du aldri har møtt før, for eksempel.

Og eg ville visst at dei fleste slett ikkje enten hata oss eller elska oss. Eg ville visst at dei fleste tok det heilt med ro og tenkte på andre ting. At dei kanskje gløtta bort på skjermen og tenkte: Slapp av.

Og det liker eg.


Først publisert i Aftenposten 16. november.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!