Publikum sviktar fotballen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fotballen må ikkje seljast til høgstbydande berre som eit tv-produkt, meiner organisasjonen, ifølgje ABC Nyheter.

Tilskodartalet i eliteserien har nemleg gått ned for sjuande året på rad, og er no det lågaste på 10 år.

6.831 tilskodarar besøkte i snitt dei 240 kampane i eliteserien, som vart avslutta søndag. Lågare har det ikkje vore sidan 2003, då gjennomsnittet var 6.513.

LES OGSÅ: – Bør ha Noreg på ryggen

– Eg trur hovudårsaka er at eliteseriefotballen er seld som eit tv-produkt dei siste åra, og det har gått utover opplevinga på tribunane, seier Bjørnar Posse Sandboe til NRK. Han er talsmann for Norsk Supporterallianse – paraplyorgangsasjonen for supporterklubbane i norsk fotball.

– Når fotballen blir spreidd over så mange tidspunkt som det vi har sett, blir det vanskelegare for publikum. Fellesskapskjensla som låg i at det meste av runden vart spela søndag klokka 18 er redusert, seier Sandboe.

Han trekkjer også fram at når klubbane frå dei største byane ikkje gjer det godt, vil det merkast på tilskodartalet.

LES OGSÅ: Spelte fotball på 1300-talet

– Ein må sjå meir på tribuneopplevinga når fotballen skal seljast, og ikkje berre sjå på inntektene. Det trur eg er nøkkelen, seier Bjørnar Posse Sandboe.

Sidan toppåret i 2007 har 3.691 tilskodarar blitt borte frå kvar einaste kamp i eliteserien. Det er ein nedgang på over 35 prosent, det vil seie at meir enn kvar tredje som gjekk på kamp for seks år sidan har halde seg vekke i år. Sidan i fjor er nedgangen på 2,2 prosent. (©NPK)

Kvifor trur du at talet på publikum på kampane går ned? Kan noko gjerast for å få det opp?