Seks månader før EU-valet siglar unionskritikarane i medvind.

NPK-NTB-Anne Marte Vestbakke
NPK-NTB-Anne Marte Vestbakke

Mellom 22. og 25. mai går EU-borgarane til valurnene for å stemme fram eit nytt EU-parlament, den einaste instansen i Den europeiske unionen som er vald direkte av borgarane.

Mens EU-parlamentet får stadig meir å seie, er leiarane i Brussel og andre hovudstader uroa over ein tiltakande EU-kritisk valvind.

År med krise, innsparingar og stor arbeidsløyse viser seg på meiningsmålingane eit halvt år før valet.

Ekspertar og analytikarar tør ikkje spå kva utfallet blir. Det er månader igjen, og vinden kan snu. Men om målingane står seg, kan EU-parlamentet ende opp med ei stor samling euroskeptikarar, protestpolitikarar og reine EU-motstandarar i benkeradene.

Kritikarar
Frå Storbritannia kan Sjølvstendepartiet UKIP komme til å styrkje stillinga ein heil del. Frå Italia kan protestpartiet Femstjernersrørsla komme seg inn. Frå Frankrike gjer Nasjonal front på den ytre høgrefløya det førebels svært skarpt.

Når fleire land dessutan har euroskeptikarar i posisjon, kan EU ende opp med ei forsamling der mellom 20 og 30 prosent av dei folkevalde er sterkt kritiske i synet på nettopp EU.

– Den europeiske eliten og kvar borgar som bryr seg om EUs lagnad, bør byrje å tenkje på dette scenarioet, skriv Princeton-professor Jan-Werner Müller i ein kommentar i The Guardian om det han meiner kan lamme EU-parlamentet.

QUIZ: Kva veit du om EU? Test deg sjølv!

Negative verdiar
– Vi må ærleg innrømme at krisa og den stigande arbeidsløysa har gitt ein del populistiske krefter høve til å bli meir aggressive og sanke nokre stemmer, seier presidenten i EU-kommisjonen, José Manuel Barroso.

– Det vi ikkje liker, er det som av og til ligg bak slagorda mot EU, det som fremjar negative verdiar som snever nasjonalisme, proteksjonisme og framandfrykt, seier han til nyheitsbyrået Reuters.

Om dei populistiske kreftene held fram med å vekse, kan det nye EU-parlamentet bli det mest «antieuropeiske» vi har sett, seier statsministeren i Italia, Enrico Letta, i eit intervju med New York Times. Han meiner dei tradisjonelle EU-vennlege partia må få minst 70 prosent av stemmene om ikkje EU-parlamentet skal ende opp som ei meir «marerittaktig» forsamling.

Spørsmålet er om dei EU-kritiske kreftene blir i stand til å samarbeide i parlamentet, der dei må organisere seg i ei blokk om dei skal få ei verkeleg tyngd. Ei blokk krev deltaking frå minst sju land, og det er ikkje noko lettvint samarbeid å stable på beina. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

Kommentarar

ANNONSE