Politiet får lite ut av kvar tilsett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Noreg går det med ni årsverk til å dekkje éin døgnoperativ tenesteperson, mens nabolanda våre klarer seg med seks.

Etter det som går fram av Politianalysen, som no er til behandling hos justisminister Anders Anundsen (Frp), kostar eitt politiårsverk rundt 900.000 kroner. Arbeidstida per veke sprikar frå 32,9 timar i Noreg til 36,5 timar i Sverige, 37 i Danmark og 38,2 i Finland, skriv VG.

Politianalysen foreslår at Politidirektoratet og Politiet sitt Fellesforbund saman bør gå gjennom arbeidstidsordningane for å «etablere et avtaleverk som i større grad speiler politiets samfunnsmandat i kraft av å være en operativ beredskapsorganisasjon»

Politidirektoratet blir òg bedt om å gi klare signal om kva faktorar som skal leggjast til grunn for utrekninga av ei heilkontinuerleg teneste, og korleis dei framtidige vaktlistene skal utarbeidast.

Gjørv-kommisjonen fann ut at det er færrast politifolk på jobb på dei tidene av døgnet det skjer mest kriminalitet, nemleg om natta. Dette er eit problem som Politidirektoratet arbeider med og vier stor merksemd, seier seksjonssjef Kjetil Mjøsund til avisa.

– Vi ønskjer sjølvsagt at å utnytte ressursane så godt som mogleg. Vi vil derfor gå djupare inn i materien. Men også vi lurer på kvifor det er så stor skilnad på Noreg og dei andre nordiske landa. Det er openbert nødvendig å gjere noko, seier Mjøsund. (©NPK)