President! Eg har full kontroll

Av og til bør ein vere nervøs. Av og til bør ein vere veldig nervøs.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skal ho ha, Siv Jensen. Ho innrømte at ho var nervøs før ho skulle legge fram budsjettet.

Noko anna ville vore heilt på grensa til umenneskelig. Alle som nokon gong har stått framfor ei forsamling, veit det. Og Stortinget må vere ei av dei skumlaste forsamlingane å stå framfor i Norge. Salen er full av folk som er ute etter jobben din, eller er ute etter å kritisere jobben din.

Så kan ein sjølvsagt seie at ho også har mange venner i salen, sidan fleirtalet i denne salen faktisk støttar regjeringa. Men for det første: Venner og venner. Mellom vennene finn du også partifeller som ikkje blei statsrådar, og som sikkert er klare til å meine at Siv Jensen har selt sjela si til Erna Solberg. Og til Venstre og KrF. Og for det andre: Mange av oss har erfart at det er mykje verre å stå framfor ei forsamling full av folk du kjenner, enn ei forsamling full av framande.

Dessutan er Siv Jensen finansminister. Det er ein ganske viktig jobb. Det er meir enn ein kan seie om dei fleste av oss som står framfor forsamlingar.

Så sjølvsagt var ho nervøs. Kanskje vurderte ho også å stikke av. Ho visste at mange kom til å bli sure. Mange med god grunn. Kanskje tenkte ho tanken rett før ho skulle på talarstolen: Eg stikk. Det er ikkje for seint.

Alle normale menneske ville i ein sånn situasjon ha tenkt, i alle fall i eit sekund eller to: Det må vere noko eg har gløymt. Det er ikkje mulig at alt dette går opp.

Men så gjekk ho på talarstolen og såg veldig fornøgd ut. Veldig fornøgd. Og snakka som om ho hadde full oversikt. Over alt.

Og så kom opposisjonspolitikarane, ein etter ein, og snakka som om dei hadde like full oversikt.

Ingen av dei såg særlig nervøse ut. Ingen såg ut til å lure på om dei kunne ha gløymt noko. Ikkje finansministeren, som har vore finansminister i ca eit kvarter. Ikkje opposisjonspolitikarane, som hadde hatt ca eit kvarter på å sette seg inn i regjeringas forslag.

Dei såg ut til å ha full oversikt. Alle saman.

Eg kan ikkje anna enn tenke at dei burde vore meir nervøse.

Fulloversikt? Det er veldig mykje oversikt.

Det er vanskelig å ha full oversikt. Alle vi som av og til prøver å vere samfunnsengasjerte veit det. Det kan vere skikkelig vanskelig. Vi kan tru at vi meiner noko, men så viser det seg at motargumenta er veldig gode. Det kan vise seg at det er noko vi rett og slett ikkje har forstått. Det skjer forbausande ofte. Det kan vere ting vi er sikre på at vi meiner, men så skjer det noko, og så er vi ikkje så sikre likevel. Det er mykje å halde styr på. Det er mange omsyn å ta. Det er vanskelig å vite kva ein skal meine om alt. Det er veldig vanskelig.

Det er derfor vi som prøver å vere samfunnsengasjerte blir så glade når det dukkar opp nyheiter som at ein programleiar på NRK ikkje får ha eit kors rundt halsen når ho les nyheiter.

Det er deilig med sånne nyheiter. Det er for lite slikt. Nyheiter der det er veldig lett å vite kva du skal meine, enten du er slik eller sånn. Du veit kvar du står. Og det er ikkje så nøye, for saka er uansett ikkje så viktig. Og ikkje minst: Det er veldig lett å vere kvikk og artig.

Skal vi forby flagget også då, sidan det er eit kors i flagget? kan folk seie, og le litt overberande. Og kanskje riste litt på hovudet. Og vi andre kan svare at neidå, men det kan kanskje hende folk ville reagert om nokon las nyheitene på NRK drapert i eit flagg.

Fyll og sex er tydeligvis greitt på NRK, kan folk seie, men ikkje eit lite kors. Og vi andre kan svare: NRK lagar også eigne program med kristen forkynning. Men poenget her er at det ikkje er greitt med kristne symbol på nyheitsopplesarar. Slik er det også med sex og fyll. Det er greitt med eigne program om sex og fyll. Det er derimot ikkje greitt med ein full og onanerande nyheitsopplesar.

Og slik kan vi halde på lenge.

Men som regel er det ikkje så lett. Som regel er det direkte vanskelig.

Så full oversikt?

Full?!?

Sjølvsagt var ho nervøs. Noko anna skulle tatt seg ut.


Først publisert i Aftenposten 9. november.

Les fleire Are Kalvø-tekstar!