Vil ha sommartid heile året

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ordføraren i Båtsfjord ønskjer å ha sommartid heile året, og vil ha med seg resten av landet på forslaget.

Torsdag skal ordførar Geir Knutsen leggje fram forslaget i formannskapet i Båtsfjord kommune, fortel finnmarken.no. Han vil ha slutt på at ein stiller klokka éin time tilbake i oktober og éin time fram i mars. Fordelen ved å ha sommartid heile året er at ein får meir lys på den tida av døgnet ein treng det, meiner Knutsen.

– Noreg må snarast innføre sommartid heile året. Båtsfjord formannskap oppfordrar alle kommunar om å støtte dette forslaget. Vedtaket blir sendt til alle ordførarar i landet, og til regjeringa og stortingsrepresentantane, heiter det i forslaget.

Ordføraren reknar med å få tverrpolitisk semje for forslaget.

LES OGSÅ:Kampen om sommartida

Sommartid er politikk
Sommartid er omstridt i mange land, noko som fører til at ulike regjeringar gjer sommartid gjeldande eit år, mens neste år følgjer normaltid igjen. Datoen for sommartid blir i mange land bestemt for eit år av gongen og kan bli endra på kort varsel av spesielle omsyn. I Europa har det lenge berre vore Island som ikkje har hatt sommartid, men i Russland kutta dei ut sommartid i 2011. Kviterussland og Ukraina heiv seg med og kutta også ut denne ordninga.

I Storbritannia er det fleire som har teke til orde for å få same tid som sentral-Europa. Kampanjen 10:10 meiner at det skal vera mogleg å spara 400.000 tonn CO2 på å skru klokka permanent ein time fram.

Frå 2007 vart sommartida utvida i store delar av USA og Canada med fleire veker, frå andre søndagen i mars til første søndag i november. Argumentasjonen for utvidinga var energisparing.

I desember 2008 blei "Daylight Saving for South East Queensland" registrert som politisk parti i Queensland i Australia. Partiet stilte til val for å få innført sommartid i landsdelen. Det gjekk ikkje. Partiet fekk berre 2,5 prosent av røystene i dei valkrinsane dei stilte.

I 2012 vurderte Tyrkia å kutta ut sommartida.

LES OGSÅ: Nytt parti vil avvikla vintertid

Helsefarleg?
Ein viktig grunn til å ha sommar- og vintertid er å la oss få mest mogleg solskin så lenge me er vakne. Solskin er den viktigaste kjelda vår til D-vitamin som er viktig for mange ting, mellom anna opptak av kalsium.

Men då den dåverande russiske president Medvedev argumenterte for å kutta ut sommartida, skulda på helserisiko.

Ei svensk undersøking frå 2008 viser at det er større risiko for hjarteattak dei første tre dagane etter at klokka er stilt til sommartid. Undersøkinga viser òg at det er litt mindre risiko for å få hjarteattak dei tre dagane etter at det har blitt vintertid.

Kva meiner du? Er det bra med vinter- og sommartid?

Faktaboks

• Normaltid er offisiell tid for eit land eller landområde. I daglegtale seier me gjerne "vintertid".
• I Norge er normaltiden lik mellomuropeisk tid, UTC+1. Ved sommartid blir klokka stilt ein time fram, det vil seia UTC+2.
• Noreg har hatt fleire perioder med sommartid/vintertid: I 1916, 1943-45 og 1959-65. Dessutan hadde ein sommartid også om vinteren frå og med 11. august 1940 til og med 2. november 1942.
• Sidan 1980 har Noreg hatt sommartida kvart. I 1996 blei Noreg og alle EU-land einige om at sommartiden startar siste søndag i mars og sluttar siste søndag i oktober.

Les meir på Wikipedia!