Skal leia Senterungdommen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me skal vera kontroversielle

– Eg meiner me må bli mykje tøffare i å ta dei kontroversielle standpunkta som kan definera både sentrum og ein grøn politikk. Det er ikkje noko mål at alle skal vera samde med oss, seier den nyvalde senterungdomsleiaren.

Han ynskjer blant anna at Senterpartiet blir mykje tøffare i praktisk politikk knytt til folkestyre.

– Det er i Senterpartiets ånd å la folk få avgjera meir sjølv. Me skal ikkje kjøpa høyresidas forstyrra syn på kva fridom er, men heller ikkje venstresidas idé om at fridom inneber fridom frå ansvar – der staten passar på, seier Erling Laugsand.

Ved valet fekk Erling Laugsand fekk 145 stemmer, medan 10 stemmer var blanke.

Laugsand er frå Averøy i Møre og Romsdal. Til dagleg studerer han sivilingeniør i industriell økonomi ved NTNU.

QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?

Ti-prosentsparti
Sandra Borch takka nei til attval etter å ha sete fire år i sentralstyret, dei to siste åra som leiar.

– Eg meiner me no må få sjølvtillit nok til å tru på vår politikk, til å tru at me kan bli eit 10 prosent-parti. Viss me klarer å få den sjølvtilliten på ei rekkje politiske område, så vil dei andre partia koma til oss for å vera med på laget, sa Sandra Borch i avslutningstalen sin til landsmøtet.

Kampvotering
På vervet som politisk nestleiar vart det kampvotering mellom Per Martin Sandtrøen frå Hordaland, som var innstilt av valkomiteen, og Torstein Lerhol frå Oppland. Sandtrøen fekk 101 stemmer, mot 49 for Lerhol. Øvrige val var utan motkandidatar.

Senterungdommens landsmøte er det 64. i rekkja og blir halden i Ålesund 8.-10. november.

Les eit større intervju med Erling Laugsand her!