Fleirtal vil ha påbod om refleks

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha påbod om refleks

3,2 millionar nordmenn over 18 år ønskjer ei lovendring. Det viser ei ny undersøking frå Ipsos MMI, gjort på oppdrag frå SpareBank1 Skadeforsikring og Trygg Trafikk.

– No håpar vi politikarane tar desse signala på alvor. Vi kan redusere talet på omkomne og hardt skadde med eit enkelt og billig verkemiddel, seier direktør Jan Johansen i Trygg Trafikk.

Ifølgje Transportøkonomisk institutt skjer om lag 35 prosent av dødsulykkene med gåande i mørket. Berre 5 prosent av alle fotgjengarar som blir påkøyrde og skadde brukar refleks.

Lett å gløyme
– Dei fleste er positive til refleks. Men det er fort gjort å gløyme han, når du går heimanfrå. Eit påbod ville ført til meir fokusering på refleksbruk og ulykker. Det kunne hjelpt mange, seier Johansen.

I fjor viste ei landsomfattande teljing at berre 26 prosent av vaksne fotgjengarar brukar refleks i byane, medan i distrikta er det tilsvarande talet 45 prosent.

Spørjegransking frå Ipsos MMI viser at stadig fleire nordmenn ønskjer eit påbod. I 2011 var 76 prosent av befolkninga for ny lovgiving. I dag er det tilsvarande talet 81 prosent.

På Vestlandet er det 77 prosent som ønskjer reflekspåbod, i Midt-Norge 81 prosent, på Austlandet 81 prosent og i Nord-Noreg 92 prosent. (©NPK)

Kva meiner du? Er det på tide med påbod med refleks når det er mørkt?