Sogn og Fjordane har dei flinkaste elevane

Elevane i som gjekk ut av ungdomsskulen i Sogn og Fjordane i vår, hadde det høgste karaktersnittet i landet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er elevane flinkast

Som dei tre føregåande åra hadde elevane i fjordfylket også i 2013 det høgste karaktersnittet av alle elevane som gjekk ut av grunnskulen.

LES OGSÅ:Kvifor er elevane frå Sogn og Fjordane best?

Sosial bakgrunn avgjer
Dei ferske tala frå Statistisk sentralbyrå seier ingenting om det er den friske fjordlufta som har æra for dei gode resultata, men viser derimot til at sosial bakgrunn og kjønn har større betydning for karakternivået enn kva fylke ein høyrer til.

Resultata til elevane heng nemleg tydeleg saman med kor mykje utdanning foreldra har. Forskjellane er størst i teoretiske fag som matematikk, naturfag og samfunnsfag, der barn av foreldre med høg utdanning gjer det mykje betre enn dei med lågt utdanna foreldre.

LES OGSÅ: Her er dei best i sidemål

Kjønnsforskjell
I praktiske fag som kunst og handverk, kroppsøving og mat og helse er forskjellane litt mindre.

Som tidlegare år fekk jentene også i 2013 høgare karakterar enn gutane i alle fag utanom kroppsøving. 

Faktaboks

Gjennomsnitleg grunnskulekarakter

Sogn og Fjordane 41,2
Akershus 41,1
Oslo 40,8
Buskerud 40,5
Hordaland 40,3
Troms Romsa 40,2
Rogaland 40,1
Møre og Romsdal 40,1
Nordland 39,9
Vestfold 39,8
Oppland 39,6
Sør-Trøndelag 39,6
Nord-Trøndelag 39,5
Aust-Agder 39,4
Finnmark 39,3
Hedmark 39,2
Østfold 39
Vest-Agder 39
Telemark 38,8