Store namn trekte flest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rundt 1.500 besøkande var innom årets utgåve av Nynorske litteraturdagar i Aurland. Dette er nokolunde same tal som fjoråret.

– Dei tilreisande kjem fordi dei er genuint interesserte, lokalbefolkninga trekkjer i større grad til dei større arrangementa, oppsummerer festivalsjef Arve Tokvam.

Dermed lukkast han ikkje heilt med det han håpa før festivalen: at fleire aurlendingar skulle finna vegen til dagane som har nynorsk litteratur i høgsetet.

– Men me opplever at dei som kjem til kjende namn, i større grad kjem på dei mindre arrangementa ved eit seinare høve, seier han.

Bokbad og stand-up
Bokbad der Olaug Nilssen intervjua Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland, bokslepp med Jens Brekke og one night stand- up med Åsleik Engmark var mellom programpostane i år.

Medan fleire av dei store namna på plakaten trekte innpå fulle hus, var dei smalare bokbada mindre besøkt.

Tokvam har vore frontfigur for dagane sidan oppstarten i 2006, men takkar i år for seg.

– Det er litt vemodig. Men me har fått eit nett av samarbeidspartnarar og eit godt produkt som kan vidareutviklast, meiner han og fortel om fine tilbakemeldingar frå publikum og gjester.

Ny festivalform
Frå og med neste år går kommunen ut som arrangør, dermed må dagane stå på eigne bein.

– Eg skal ikkje vera nokon sjuande far i huset, men gler meg til å vera publikummar neste år, seier avtroppande sjef.

Nynorske litteraturdagar blei avslutta søndag kveld. Då stilte lokale song- og musikk-krefter med framsyninga "Frå Beatles til Olav Stedje".

Les saka i Sogn Avis!