– Ny føraropplæring har fungert

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny opplæring gav tryggare vegar

– Den nye opplæringa gir meir reflekterte og trafikksikre sjåførar og er med på å redde liv i trafikken, skriv Statens vegvesen på eigen nettstad.

Hovudmålet med å gjere om på føraropplæringa var at opplæringa skulle vere ein god bidragsytar til nullvisjonsarbeidet.

LES OGSÅ: Lettare å få køyreopplæring

– Det har vore ein sterk nedgang i talet på drepne og hardt skadde i trafikken, frå over 1200 i 2005 til 844 i 2012. Vi meiner at god føraropplæring kan ha medverka til den positive trenden, uttaler Bente Skjetne, leiar for trafikkopplæringsseksjonen i Statens vegvesen, på nettstaden.

Ein viktig del av endringane som er gjort er å forsterke bevisstgjeringa og refleksjonen i opplæringa for å påverke til meir varige åtferds- og haldningsendringar hos elevane, opplyser vegvesenet. (©NPK)