Best for barn og unge i landet
Kongsberg kommune kåra til Årets barne- og ungdomskommune.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statsråd Solveig Horne overrekte prisen til Kongsberg kommune på Årets barne- og ungdomskonferanse i Stavanger.
– Kongsberg er ein kommune som legg til rette for at born og ungdom skal trivast. Kommunen har eit medvite tilhøve til at born og unge skal ha gode høve til å delta på ulike aktivitetar, og dei har gode fritidstilbod til born og unge, seier barneminister Solveig Horne. – Barnemusikkfestivalen Barnivalen, Vitensenteret og Ungdomskaféen er gode døme på dette.
Årets barne- og ungdomskommune utmerkar seg som eit stad der det er godt å vekse opp og som tilrettelegg for at dei unge kan bidra. Kommunen si nettside og bruk av sosiale medium viser at kommunen er oppteken av å kommunisere med og informere born og unge på ei plattform som dei sjølv er godt kjent med.
– Born og unge veit best korleis det er å vere ung. Det er dei som kan fortelje oss kva dei saknar og kva dei treng for å ha eit godt oppvekstmiljø. Ein viktig grunn til at Kongsberg får prisen er at dei har ein aktiv dialog med barne- og ungdomsmiljøa, seier statsråd Horne. Kommunen er òg blant dei kommunane i landet med lengst opning på helsestasjonen for ungdom.
I grunngjevinga si trekkjer òg juryen fram samarbeidet til kommunane på tvers av ulike etatar, og samarbeid med kultur- og næringsliv som spesielt positivt.