Vil gjera Noreg meir liberalt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På Unge Venstre si landsmøte i Oslo vart Tord Hustveit frå Eidsvoll vald som ny leiar ved akklamasjon. Han har bakgrunn som fylkesleiar i Akershus Unge Venstre og sentralstyremedlem, og studerer samfunnsøkonomi.

– Eg vil retta ei stor takk til de som bretta opp ermane etter valnederlaget i 2009. Det var ikkje gjeve at me skulle koma tilbake igjen. No er Venstre tilbake, og me skal farga Noreg grønt, sa Hustveit i takketalen til landsmøtet.

LES OGSÅ: – Tar ikkje tak i dei store utfordringane

Framheva internasjonale spørsmål
Hustveit er etterfølgjaren etter Sveinung Rotevatn, som vart vald inn på Stortinget i haust og hadde sagt frå seg att val som Unge Venstre-leiar. Hustveit framheva særleg internasjonale spørsmål då han takka landsmøtet for tillita.

– Det er ganske lett å vera liberalar i eit land som Noreg. Dei største forbilda mine er dei som står opp for liberale tankar og idear i diktatur. Eg vil ikkje berre jobba for eit liberalt Noreg, men òg eit liberalt Europa og ei liberal verd, sa Hustveit.

LES OGSÅ: Lar seg inspirere av dansk klimasatsing

Generasjonsrettferd
Unge Venstre er samla i helgen på sitt 74. ordinære landsmøte. Temaet for møtet er generasjonsrettferd og organisasjonen har diskutert klimapolitikk, europeisk samarbeid og ein berekraftig velferdsstat.

Dei siste åra har organisasjonen dobla medlemstalet sitt. Unge Venstre fekk 6,7 prosent ved årets skuleval, og landsmøtet til helga er rekordstort.

– Det forpliktar å ta over ein organisasjon som står så sterkt som han gjer no. Venstre er no i ein nøkkelposisjon i norsk politikk, og me skal fortsetja å dra både dei og landet i liberal retning, seier Tord Hustveit.