Stor mangel på sjøfolk i framtida

Framtida
Publisert
Oppdatert 17.11.2022 08:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det blir berre utdanna halvparten så mange sjøfolk som vi treng, i tida fram mot 2020, viser ein ny rapport. Og dei fleste hamnar på oljeplattformer.

– Det er ei bekymring i bransjen at riggane støvsugar marknaden og trekkjer til seg arbeidskrafta. Før var det meir flyt mellom segmenta, noko som var ein stor fordel for Noreg, seier forskingsleiar Jon Rogstad ved Fafo til Dagens Næringsliv. Fafo har laga rapporten «Det gamle landet og havet» på oppdrag av Stiftinga Norsk Maritim Kompetanse.

Her kjem det fram at den maritime næringa treng 9.911 nye sjøfolk fram mot 2020, medan det etter planen berre vil bli utdanna 4.495.

Dessutan lokkar god lønn og gunstige arbeidstidsordningar sjøfolka til oljenæringa. Sju av ti reiarlag seier dei misser sjøfolk til andre segment. Halvparten av dei mellom 26 og 40 år som vurderer å skifte jobb, seier dei ønskjer seg til riggbaserte verksemder. (©NPK)

LES FLEIRE SAKER OM YRKESVAL HER!