– Venstre gav kristen K i byte mot Lofoten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gav kristen K i byte mot Lofoten

Det kom fram under Stortingets trontale- og erklæringsdebatt onsdag, skriv Vårt Land.

Innrømminga kom då den nye SV-representanten frå Troms Torgeir Knag Fylkesnes lurte på korleis det kunne ha seg at Venstres ja til livssynsnøytralitet kunne ende med eit ja til innføring av K for kristendom i namnet på RLE-faget i grunnskulen. Det er eit fag som heretter skal heite KRLE (Kristendom, religion, livssyn og etikk) og innehalde minst 55 prosent undervisning om kristendommen.

– Eg var villig til å gi ein K i eit fag for vern av Lofoten og Vesterålen. Det var eitt av mange småpunkt vi måtte gi. Eg gav meg på ein bokstav, men det var verdt det. Det er berre å kikke utover havet der, så er saka klar, sa Venstre-leiar Skei Grande på Stortinget.

Saka var omstridt internt i Venstre. Livssynstalskvinne Guri Melby sa nyleg til Vårt Land at ho var lite glad for at kristendommen skal inn i namnet på livssynsfaget i grunnskulen.

Også Human-Etisk Forbund har reagert på det nye faget.

– Kristendommen, både som religion og som kulturtradisjon, er allereie godt dekt i RLE- faget i dag, skriv generalsekretær Kristin Mile i HEF i eit innlegg i Dagsavisen onsdag. (©NPK)