KrFU vil ha oljefondet ut av Nestlé

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha oljefondet ut av Nestlé

I ein ny resolusjon om vasstryggleik, slår KrFU fast at dei vil trekkje Oljefondet ut av Nestlé og “andre selskap som hindrar lokal råderett og allmenn tilgang til vatn”.

– Vi må stille høgare etiske krav enn vi gjer til forvaltinga av ein av våre viktigaste ressursar, seier sentralstyremedlem i KrFU Tore Storehaug til Framtida.no.

Skulda for å hindre vasstilgang
Mat- og drikkevareprodusenten Nestlé har fått sterk kritikk for å monopolisere drikkevatn og hindre lokal råderett, i mange ulike land.

I dokumentarfilmen Bottled Life (2012) hevdar den sveitsiske journalisten Res Gehriger mellom anna at Nestlé er ansvarleg for at grunnvassnivå i den pakistanske landsbyen Bhati Dilwan har sokke dramatisk. Gehriger fann óg at selskapet har overkøyrt lokal motstand mot eigne aktivitetar i Maine, USA. Der eig selskapet rettane til store landområde og dermed til å pumpe opp millionar av liter med vatn.

LES OGSÅ: FN-målet om drikkevatn er nådd

Styreformann og tidlegare konsernsjef i Nestlé, Peter Brabeck, skapte furore då han uttalte at vasstilgang ikkje er ein menneskerett. Seinare har han moderert seg:

– Vatn til å dekkje primærbehov er ein menneskerett. Å fylle opp svømmebassenget, vatne golfbana eller sløse vekk vatn er ikkje ein menneskerett. Dersom vatn ikkje har ein pris, vil vi ikkje gjere dei investeringane som er naudsynte for å bruke vår mest verdifulle ressurs på ein meir ansvarleg måte, seier han no.

Ifølgje Nestlé sin kommunikasjonssjef i Noreg, Marianne Aaberg, var det første utspelet til Brabeck teke ut av samanheng.

denne nettsida finn ein Nestlé sine svar på noko av kritikken, samt kommentarar frå dokumentarfilmskaparane.

– Handlar ikkje som dei seier
Selskapet Nestlé kontrollerer kring 70 prosent av verdas flaskevatnmerke, deriblant Perrier, San Pellegrino og Vittel. Gjennom Statens pensjonsfond utland er Noreg ein avhovudaksjonæranei selskapet.

– Nestlé er ein veldig stor aktør på verdsmarknaden og då er det ikkje greit at dette skjer.Som ein viktig aksjonær, må Noreg stille tydelegare krav, seier Storehaug i KrFU.

LES OGSÅ: 30 millionar slavar i verda

– Styreformannen i Nestlé meiner at kommersialisering av vatn vil føre til ansvarleg bruk. Kva meiner de om det?

  – Han har delvis eit poeng, men ein må bruke marknadsmekanismar på ein måte som gjev lik tilgang for alle og sikrar fattige sin vasstilgang.

– Og det meiner de at Nestlé ikkje gjer?

– Ja, det er ein del døme på at Nestlé ikkje gjer det. Det er noko med å handle som ein seier, seier Storehaug.

I tillegg meiner KrFU at Statoil bør trekkje seg ut av oljesandsprosjektet i Canada.

– Prosjektet er ikkje berre meir forureinande enn konvensjonell oljeverksemd. I tillegg treng det 60 gongar så mykje vatn per liter råolje. Det forureinar grunnvatnet i store område og har konsekvensar for eit av dei viktigaste våtmarksområda i verda. Noreg bør gå føre som eit godt eksempel, i staden for å legimitere dårleg forvalting, meiner Storehaug.

Vil at Noreg skal innovere vatn
Målet til KrFU er eit haldningsskifte, der vatn vert anerkjent som ein viktig del av utviklingsspørsmål.

– Spørsmål om uvikling, fattigdom, mat og energi heng saman med den avgrensa ressursen vatn. Noreg er eit utruleg vassrikt land, og det gjev oss unike mogelegheiter til å utvikle og eksportere kunnskap og teknologi, seier Storehaug.

LES OGSÅ: Kampen for «upraktiske» menneskerettar

I tillegg bør Noreg ta ansvar, meiner partiet.

– Som ein velståande nasjon bør Noreg ta ansvar. Ikkje minst fordi vi investerer i Nestlé, som med sin store marknadsdel er sjølve kimen til problemet, seier sentralestyremedlem i KrFU, Thor Håkon Lindstad.

Samstundes gjer Noregs vassrikdom at insentiva for å innovere er små, ifølgje KrFU. Difor vil partiet skatteleggje overforbruk av vatn i Noreg.

– Vi manglar insentiva for å gjere innovasjon på vatn, fordi dei fleste av oss ikkje har inntrykk av at vatn kostar noko. Ei mindre, symbolsk skatteleggjing kan indirekte skape insentiva for å innovere, til dømes innan vassreinsing eller frakt, slik at mindre går til spille enn i dag, seier Lindstad.

LES OGSÅ: Den tapte generasjonens andlet

– Nestlé er einig med KrFU
– Nestlé meiner absolutt at vatn er ein menneskerett og at det ikkje skal privatiserast, skriv kommunikasjonssjef i Nestlé Norge, Marianne Aaberg, i ein epost.

Ifølgje Aaberg er det ikkje sant at Nestlé har senka grunnvassnivået i Pakistan.

– Lahoreregionen består av 680.000 brønnar. Dei fleste av desse vert brukt av landbruket, ofte utan kontroll frå myndigheitene. Det stemmer at Nestlé har to brønnar i området. Desse vert brukt til tapping av flaskevatn. Brønnane er strengt kontrollert for å sikre at forbruket ikkje går utover den lokale vassforsyninga, og at aktiviteten ikkje har innverknad på lokale drikkevasskjelder, skriv Aaberg.

LES OGSÅ: – Venstre gav kristen K i byte mot Lofoten

Vidare peikar ho på at selskapet har medverka til å installere to vassreinseanlegg i Bhati Dilwan-området.

– Det gir tilgang til reint drikkevatn for meir enn 10 000 personar. I tillegg er vi i gong med å byggje eit tredje anlegg.

Vidare skriv Aaberg Nestlé sine fabrikkar og anlegg dei siste ti åra har fokusert på å redusere vassforbruket.

– For å produsere 1 kg mat har Nestlé redusert vassforbruket med 50 prosent sammanlikna med det vi brukte for ti år sidan.

Nestlé vil ikkje gå med på at dei er medskuldige i å skape vassmangel i verda. Aaberg peikar på at Nestlé bruker 0,00009 prosent av det globale ferskvassforbruket, i produksjonen av sitt flaskevatn.

– Vårt vassforbruk konkurrer ikkje med offentlege vassverk. Vassmangel skuldast først og fremst dårleg vassforvalting i landbrukssektoren. Av alt ferskvassforbruk, er 70 prosent knytt til landbruk, 20 prosent til industri og 10 prosent til hushaldningane. 

LES OGSÅ: KrFU: – Me må jobba meir og lenger