Opprettar masterutdanning for flygarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny master for flygarar

– Dette vil auka kompetansen i luftfartsbransjen innan ei arktisk retning, seier leiar for luftfartsutdanninga, Terje F. Olsen.

Eit dusin flygarar
Universitetet i Tromsø er den einaste staden i Noreg som tilbyr ei offentleg flygarutdanninga. Kvart semester tek universitetet opp tolv studentar til det som i dag er ei bachelorutdanning. No blir det altså bli mogleg å utvida utdanninga med ein master.

Store krav
Olsen seier det er mange som spør etter ei slik utdanning både blant pilotar og personell på bakken. Han reknar med at veksten i petroleumsverksemd og turisme i nordområda vil auka flytrafikken i området, og peikar på at å flyga i arktiske strøk stiller store krav til pilotane på mange område.

Universitetet skal etter planen ta opp det første kullet av mastergradsstudentar hausten 2015.