Den populære musikkvideoen «The Fox», som millionar av menneske over heile verda no går rundt og nynnar på, blir barnebok.

mm

I midten av november kjem boka «Hva sier reven?» ut på Aschehoug forlag. Forlaget fortel at Ylvis-brørne Bård og Vegard Ylvisåker lenge har hatt planar om å gje ut reve-eventyret som barnebok. Dei har skrive boka saman med tekstforfattar Christian Løchstøer, og fått med seg Svein Nyhus som illustratør. Han blir rekna som ein av dei fremste illustratørane i Noreg.

– Me fekk tidleg i prosessen lyst til å gjera denne songen om til ei barnebok og tenkte å vera så freidige å spørja den beste illustratøren med éin gong. Han svarte at han var svært oppteken, men etter å ha fått lagt fram teksten, tennte han på alle pluggar, fortel Ylvis-brørne i ei melding frå forlaget.

Og Nyhus sjølv stadfestar at han er begeistra. Han karakteriserer det som ei bok som er full av overraskingar og liv, som er både ryddig og rotete, bråkete og poetisk, barnsleg og alvorleg.

– Det er ei bok som kan syngelesast mange gonger, som det er gøy å lesa høgt frå og tulla med. Eg håpar ho kan gleda, forundra og inspirera til song og dans og tull og tøys, seier Nyhus.

LES OGSÅ: Høyr kva reven eigentleg seier!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

Kommentarar

ANNONSE