Meiner rike politikarar svekker lokaldemokratiet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Rike politikarar påverkar politikken

Formannskapspolitikarane i Stord kommune tener meir enn dobbelt så mykje som gjennomsnittet av innbyggjarane.

Les også: Ordføraren meiner politikarane styrer til beste for alle

Medan gjennomsnittsløna for personar med inntekt i Stord kommune var 291.743 kroner i 2012, var snittet for dei ni politikarane i formannskapet over 750.000 kroner.

Ordførar på topp
Ordførar Liv Kari Eskeland tener mest, og er for 2012 oppført med inntekt på rett over ein million kroner. Både partifelle Lars Åge Myhre og Harry Herstad (Ap) følgjer tett på med i underkant av ein million kvar.

Jakob Bjelland (Sp) og Sigbjørn Framnes (Frp) hadde rett over 870.000 kroner. Deretter følgjer Håkon Frode Særsten (V) med i overkant 660.000 kroner og varaordførar Leif-Steinar Alfsvåg (KrF) med litt over 620.000 kroner.

Dei to som utmerkjer seg i nedre sjiktet er Katrin Innvær Ankervold (Ap) med i underkant av 400.000 kroner og partifelle Henny Førland Berger med rett under 390.000 kroner.

Ønskjer variasjon
– Eg trur dette påverkar politikken, og måten ein ser ting, seier Jakob Bjelland.

Han meiner det er ein svakheit for kommunen at den øvre politiske leiinga er sett saman av personar som er like på fleire måtar, både når det gjeld alder og inntektsnivå

– Me hadde tent på ein større variasjon, seier Bjelland.

– Fargar synet
Han understrekar at han ikkje trur politikarane berre styrer til beste for seg sjølv av den grunn, men ville gjerne sett større variasjon.

– Politikarar med meir variert bakgrunn ville ha gagna kommunen som heilskap. Men det har jo også med kven som engasjerer seg å gjera, og kven som vel å bruka tid på dette. Det er dei færraste parti som vil takka nei til nye medlemmer som vil engasjera seg, og eg vil gjerne oppmoda om at fleire, frå ulike samfunnslag, blir med, seier Bjelland.

Les også: Desse tener mest på Stord

– Ville du sjølv sett annleis på ting, om du ikkje sat så godt i det?

– Det er veldig vanskeleg å svara for seg sjølv, men generelt meiner eg at synspunkta ein har og korleis ein angrip saker blir farga av kor du kjem frå, seier Bjelland.

– Hugs dei andre
Signe Ekeland (SV) trur ikkje det er veldig viktig for politikken kva dei ulike politikarane tener, men meiner det er viktig å hugsa på at alle ikkje har det like romsleg.

– Det er ein fair sak å tena pengar, så lenge ein betaler skatt. Samstundes er det viktig å ha med seg at ikkje alle har den handlefridommen som pengane gjev mange politikarar. Når ein aukar på avgifter og skattar kan det som synest å vera småpengar for somme vera betydelege beløp for andre, seier Eskeland.

Les saka i Sunnhordland.no!