Listhaug varslar fritt sal av gardar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Varslar fritt sal av gardar

– Eg synest dei som har ein gard dei ønskjer å selje, skal kunne selje han på den frie marknaden på same måte som ei leilegheit eller eit hus, seier ho til NTB.

Å styrkje eigedomsretten til bonden har høg prioritet for den ferske statsråden.

Listhaug vil sjå på «alle former for deregulering». Blant det som kan stå for fall, er priskontrollen, som er meint å sikre brukbar økonomi for dei som vil drive gardsdrift.

– Det kan ikkje vere slik at kommunen skal overprøve og seie at du ikkje får betalt det marknaden vil gje, seier Listhaug.

LES OGSÅ: LO-leiaren sjokkert over blå-blå landbrukspolitikk

– Realisere draumen
Ho meiner mange sit på eigedommar dei ikkje vil utvikle og heller ikkje selje på grunn av avgrensingane. Ho hevdar deregulering opnar nye moglegheiter.

– Då er det mogleg at fleire for eksempel kan flytte ut av byane og realisere draumen om eit småbruk på landet.

– Er det då mindre viktig at eigedommen blir brukt til matproduksjon?

– Det viktigaste er at det er lys i huset, i staden for at det står tomt slik situasjonen er mange stader i dag, svarar landbruksministeren.

I regjeringsplattforma til Frp og Høgre heiter det at dei vil arbeide for «høgast mogleg sjølvforsyning av beredskapsomsyn», men Listhaug peiker heller på andre element, som jordbruksavtalen, som verktøy for å nå det målet.

LES OGSÅ: Høgre og Frp vil kutta 4 milliardar

Forenkling
Ho håpar å forenkle avtalen. Dessutan varslar ho at ho vil sjå på skattesystemet for å gjere det meir lønsamt for dei som vil investere i gardsdrift.

– Dei som skal ta over ein gard i dag, vil i mange tilfelle stå overfor ei avgjerd om å gjere store investeringar. Då må vi få til gode rammevilkår for det, seier Listhaug.

Statsråden vurderer også forenkling av reglar og tilsyn som skal sikre dyrevelferd og mattryggleik her i landet.

– I Noreg har vi i utgangspunktet veldig rein matproduksjon, så vi er betre stilt her enn i mange andre land, understrekar ho.

– I kva grad meiner du det heng saman med den kontrollen vi har i dag?

– Det kan eg ikkje evaluere på direkten. Men det er viktig at vi har tilsyn. Vi må finne skjeringspunktet. Det er mogleg det er rett slik det er i dag. Det er ikkje snakk om å kutte tilsyn i ei retning som gjer at du kan kome på akkord med mattryggleiken, seier ho.

LES OGSÅ: Flest vestlendingar i regjeringa

Ingen «fagforeiningsknusar»
Ho håpar å få innspel frå landbruksorganisasjonane både når det gjeld endringar i jordbruksavtalen og skattesystemet. Måndag møtte Listhaug Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Begge har vore kritiske til at Framstegspartiet har fått hand om Landbruksdepartementet.

– Eg vil gje dei høve til å kome med forslag og innspel som eg vil vurdere. Så kjem det heilt sikkert saker der vi er ueinige. Det er slik verda er, seier Listhaug.

Sjølv om ho har britiske Margaret Thatcher som forbilde, så meiner Listhaug sjølv at ho har lagt seg på ei heilt anna linje enn den konservative «fagforeiningsknusaren».

– Der vil eg seie at eg har vist litt motsett innfallsvinkel. Eg ønskjer å ha ein god tone med organisasjonane og prøver å få til eit godt samarbeid.

LES OGSÅ: Unge bønder satsar friskt

Matprisar
I tillegg til å varsle store reformer i landbruket, har Listhaug sagt at ho har som mål å senke matprisane i Noreg, men strekar under at det ikkje er nokon garanti.

– Det er mykje snakk om at maten er billeg fordi vi brukar 10 prosent av inntekta på mat. Men samtidig er det jo mange i Noreg som ikkje har så mykje og som brukar mykje større del av inntekta si på mat, så det er viktig å ha det perspektivet også, seier Listhaug og legg til at minstepensjonistar og sosialhjelpsmottakarar og andre som slit, ikkje opplever prisane som låge.

Listhaug varslar at ho tysdag neste veke vil besøkje Trøndelag, saman med Frp-nestleiar Per Sandberg. Det blir det første av fleire besøk til jordbruksområde for å bli kjend med næringa.