– Ofte ei opphoping av problem

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Må finna kva som utløyste drapet

– Me har nesten ingen erfaring med at mindreårige drep i Noreg, men eg meiner det finst meir enn nok av kompetanse i Noreg som kan jobba vidare med den 13 år gamle guten, seier valdsforskar Ragnhild Bjørnebekk ved Politihøgskolen til Sunnhordland.

Viktig med årsak
Ho meiner at det viktigaste framover blir å gjennomføra gode utgreiingar av guten, og å finna ut kva som er årsaka til at noko slikt kunne skje.

– Årsaka til at nokon drep, er ofte ei opphoping problem. Eg kjenner ikkje til problema til 13-åringen, men på generelt grunnlag kan eg seie at det finst mange førebyggjande og behandlande metodar for vald i Noreg, seier Bjørnebekk.

Ho seier at staten har oppretta fem barnevernsinstitusjonar i Noreg som har spesiell kompetanse til å jobba med vald.

– Her har dei kunnskap om metodar som kan brukast for å jobba med personar som har store problem. Når eit barn har utført ei alvorleg hending, kan det ofte vera ein fordel at barnet blir plassert eit stykke vekke frå lokalmiljøet, seier valdsforskaren.

Imponert over kommunen
Ho er imponert over korleis Stord kommune har handtert denne saka.

– Både guten og familien har blitt skjerma, og det verkar ikkje som at guten er utsett for hets i lokalmiljøet. Eg meiner at dette vil vera førebyggjande i forhold til at han kan komma seg ut av desse problema, seier Bjørnebekk.

– Lensmannen på Stord meiner at barnevernet på Stord og i Haugesund ikkje er godt nok rusta til å ta vare på denne guten, dersom det blir aktuelt. Kva meiner du om dette?

– Det er ikkje sikkert at tilboda er gode nok lokalt, men det finst i alle fall både nasjonale- og regionale kompetansesenter som kan gje god rettleiing, slik at det blir sett i verk gode tiltak, seier Bjørnebekk.

Tragedien i Sagvåg:
Uvisst kva som skjer med 13-åringen

Har fortalt advokaten heile historia

Politiet: Knivstikk og vald mot hovudet

Sunnhordland meiner: Ein ufatteleg tragedie

I dag startar kvardagen

Familien er godt tekne vare på

Tilbyr statleg hjelp

Sambygdingar er rysta

Informasjon kan dempa uro

Opna kyrkja i tragedien

Kom som lyn frå klar himmel

Offeret er eit fosterbarn

Rektor ber vaksne ta ansvar

Les heile saka i Sunnhordland!

Faktaboks

Tragedien i Sagvåg
• Klokka 16.56 torsdag ettermiddag, rykte politiet ut til ein bustad i Sagvåg etter melding frå AMK-sentralen om død person.
• To ambulansar var først på staden. På adressa fann dei ein død treåring, og ein 45 år gammal mann med stikkskadar. Ambulansepersonellet tok kontroll på ein 13 år gammal gut, som også var der.
• I forkant hadde det oppstått ein situasjon mellom treåringen og hans 13 år gamle fosterbror. Det enda med at treåringen vart drepen, medan den 45 år gamle mannen vart skadd då han prøvde å gripa inn og avverga handlinga.
• Ein representant frå barnevernet i Bergen, og fostermor, var også til stades på adressa då drapet skjedde. Treåring har biologiske foreldre frå Bergen, men budde i fosterheim på Stord.
• 45-åringen vart frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse. Han vart utskriven i løpet av helga.
• 13-åringen har forklart seg om dei faktiske forholda, og politiet reknar no drapssaka som oppklart.
• Den 13 år gamle guten er no til observasjon i helsevesenet. Han er under den kriminelle lågalder, og kan ikkje straffast for ugjerninga. Saka vil verta overført til barnevernet.
• Politiet veit ikkje kva som utløyste den tragiske hendinga. Dette vil vera det sentrale i vidare politietterforsking av saka. 13-åringen har ikkje oppgjeve noko motiv.
• Alle dei involverte familiane får tett oppfølging frå kriseteam.
• Fylkeslegen i Hordaland har opna tilssynssak mot barnevernet.
• Det har ikkje vore saker i Noreg der barn drep barn sidan 1994. Då vart fem år gamle Silje Marie Redergård slått og sparka av to seks år gamle gutar. Ho vart avkledd, og deretter liggjande ute i snøen til ho fraus i hel. Gutane vart tekne hand om barnevernet i etterkant.