Kan hamna i New York

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjord kan hamna i New York

Gjennom ein storstilt konkurranse har turistar på Vestlandet lasta opp over 6.000 bilete av sine beste opplevingar i sommar. Over 20.000 nordmenn har stemt over 40.000 gonger på dei beste bileta og dei flottaste stadane i Fjord Noreg-regionen. Bileta kan ein sjå på nettsida Best of Fjord Norway.

– Det betyr mykje for heile Sognefjorden å koma med mellom dei ti beste, det er ein siger i seg sjølv. Ekstra kjekt at publikum har stemt fram dei beste bileta, seier Ståle Brandshaug, reiselivsdirektør i Visit Sognefjord.

Dei ti med flest stemmer vart:

• Preikestolen

• Lysefjorden og Kjerag

• Bergen

• Trolltunga

• Hardangerfjorden

• Nærøyfjorden

• Indre Nordfjord

• Geirangerfjorden

• Kristiansund

• Strandafjellet

– Verdas beste og mest truverdige marknadsføring av eit reisemål vert gjort ved at turistar og innbyggjarar deler sine favorittopplevingar med vener og kjende. Det at så mange har bidrege med bilete, og så mange nordmenn har stemt på sine favorittar har ikkje berre vist Vestlandet fram for millionar av menneske, men gjeve framtidige besøkjande frå hele verda minst ti gode grunner til å besøkja verdas vakraste reisemål, Fjord Noreg, seier Kristian B. Jørgensen adm. direktør i Fjord Norge AS.

Ein egen jury har plukket ut eitt bilete som representerer kvar av dei ti vinnarane. Fire av de ti beste bileta vil bli viste på Times Square i New York i samband med eit større arrangement som skal profilera Vestlandet i 2014.

De fire bileta som skal visast på Times Square, bli valde ut ved ei avstemming på Dagbladet.

Kvart vinnarstad får eit eige skilt som bevis på at den er ein av dei ti ”Best of Fjord Norway”-opplevingane, vert det opplyst i ei pressemelding.

Les saka i Sogn Avis!