Sunnmørsk sjarm

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg, Bulgaria, England
Jean Mikhael Skaaden er fødd 24. mai 1987 i Ålesund. Mor hans er derifrå, medan faren er ein bulgarsk musikar som reiste rundt i Europa og spelte. På Sunnmøre trefte han Mikhael si mor, og vart verande. Faren sitt bulgarske etternamn Paskalev brukte Mikhael likevel ikkje før han bestemte seg for å bli musikar for nokre år sidan; han ville ha eit artistnamn som skilde seg litt ut, utan at det vart for kunstig.

Medan Mikhael vaks opp i Ålesund, var han av og til med faren på speleoppdrag i Noreg. Det første speleoppdraget var på ein MC-klubb i nabobyen, Molde. Mikhael var 14 år og spelte gitar, medan faren song. Etter vidaregåande søkte han seg etter kvart inn på LIPA, ein skule i Liverpool som spesialiserer seg på utdanning innanfor performativ kunst (musikk, dans, teater osv.). Han hadde låtskriving, musikk-produksjon og vokal som hovudfaga sine. I same klasse som Mikhael begynte også Jonas Aslaksen, kjend som Jonas Alaska. Dette var starten på vennskapet og det musikalske samarbeidet deira.

2012
Tidlegare hadde Mikhael sett for seg å vere musikar i eit band, ein del av ei gruppe – men medan han gjekk i Liverpool, bestemte han seg for å satse som solo-artist. Det er dermed Mikhael som skriv songane og tek avgjerdene – men kompisen Jonas er stadig med både som rådgjevar og bandmusikar. Mikhael spelar også i bandet til Jonas.

Etter at han gjekk ut av LIPA våren 2011, flytta Mikhael attende til Ålesund. Han jobba som servitør ved sida av å drive med musikk, men reiste ofte til Oslo for å spele konsertar og møte musikarvennar. Same haust flytta han til hovudstaden; 2012 vart det store året hans.

Allereie i januar vann Mikhael prisen som Årets Urørt med songen I Spy. Songen vart ein hit, mykje takka vere musikkvideoen som vart laga til, der Mikhael dansar rundt i trusa. Videoen vart nominert til Spellemann for beste video.

I februar spelte han på Bylarm, og vart kåra til «årets gjennombrotsartist». Seinare den sommaren turnerte han med Jonas Alaska, og opptrådde med eige band på blant andre Øya- og Slottsfjellfestivalen. Andresingelen Jive Baby kom våren 2012, og EP-en Mikhael Paskalev vart sleppt om hausten.

Les siste musikknytt!

Album og turné
Paskalev sitt debutalbum, What's Life Without Losers, kom ut i februar 2013. Det fekk svært gode kritikkar. I tillegg vart Mikhael nominert til Statoil-stipendet, ein pris på 800 000 kroner, under Bylarm 2013. Han vann ikkje, men reiste derimot vidare til den store festivalen South by Southwest i Texas. I det heile tatt gjekk første halvdel av 2013 med til å spele konsertar – i USA og Noreg, stort sett. Han er glad i å spele konsertar, særleg på intime konsertscener der ein får meir direkte kontakt med publikum.

Det siste året har Mikhael også vore fast inventar i bandet til venninna Billie Van – ho spelar også i hans band. Rapparen Phil T. Rich, som vann Urørt året etter Mikhael, er ein annan kollega han kunne tenkje seg å samarbeide med; det er berre å vente på kva hausten har å by på.


Først publisert i Norsk Barneblad.