Slik vil Venstre stimulera til samanslåing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil stimulera til samanslåing

Sjølv om Solberg-regjeringa og samarbeidspartnarane Venstre og KrF har avgrensa tid til å gjera endringar på statsbudsjettet som blei lagt fram måndag, meiner Venstre-nestleiar Terje Breivik at noko må gjerast for at det skal bli meir attraktivt å slå saman kommunar.

Breivik meiner Solberg-regjeringa bør skissera endringar i inntektssystemet til norske kommunar når den årlege kommuneproposisjonen blir lagt fram til våren, skriv Nationen.

– I dag har du eit system som premierer kommunar som ikkje vil slå seg saman. Vi har mellom anna eit småkommunetilskot som gjer at kommunane taper når dei slår seg saman med andre. Det må gjerast endringar som gjer at kommunar set i gang ein prosess, som eg tippar dei vil gjera no. Vi må ha eit inntektssystem som gjer at dei ikkje taper på det, seier han.

I statsbudsjettet legg den avtroppande regjeringa opp til at kommunane skal få ein reell inntektsvekst på 7,7 milliardar kroner i 2014, der 5,2 milliardar kroner er auka frie inntekter. (©NPK)

LES SISTE POLITISKE NYTT HER!