Inntektene frå olje- og gassverksemda kjem til å falla med 100 milliardar kroner frå 2012 til 2015.

NPK-NTB
NPK-NTB

I 2012 var inntektene frå olje og gass på 395 milliardar. I år vil inntektene frå den største eksportnæring i Noreg falla med over 50 milliardar kroner til 344 milliardar kroner, viser utrekningar frå statsbudsjettet som blei lagt fram måndag.

Allereie i 2014 er det venta at inntektene fell med ytterlegare 30 milliardar kroner til 314 milliardar kroner, skriv Stavanger Aftenblad.

I 2015 er inntektene frå sektoren nede i 282 milliardar kroner, ifølgje spådommane i statsbudsjettet, over 100 milliardar mindre enn i 2012.

LES OGSÅ: Politisk grønvasking

Årsaka til fallet i oljeinntektene er først og fremst lågare oljepris i åra som kjem. Oljeprisen var i 2012 672 2014-kroner per fat. Regjeringa legger til grunn at oljeprisen kjem til å falla til 635 kroner i år og til høvesvis 600 og 535 2014-kroner i 2014 og 2015.

– I Noreg fell oljeproduksjonen, så dei siste åra har vi vore heldige med at oljeprisane har lege så høgt. Det har vore eit stort volumfall, men det har blitt henta inn på den høge oljeprisen. Du skal ha ein skyhøg oljepris framover for å vega opp for falla i voluma på olje, seier oljeanalytikar Thina M. Saltvedt i Nordea Markets.

Regjeringa seier i statsbudsjettet at det er stor uvisse om utviklinga i oljemarknaden framover, både på etterspørsels- og tilbodssida.

«Den økonomiske veksten i Kina og andre framvoksende økonomier har avtatt, og utsiktene framover er svakere. Et tilbakeslag i framvoksende økonomier vil kunne ha betydelige konsekvenser for oljeprisen,» heiter det. (©NPK)

Les fleire saker om samfunnsøkonomi her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE