Imponert og forundra
Regjeringsforhandlarane har jobba godt. Men det er ein liten ting.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kalvø: Imponert og forundra
Det er mykje som imponerer meg med folk som lagar regjeringsplattformer. Sjølvtilliten, for eksempel. At folk som aldri har gjort slikt før, sett seg ned på eit hotell og seier: «Styre landet skal vi klare. La oss finne ut korleis.»
Og så – og dette meiner eg verkelig – er eg veldig imponert over kor fort dei jobbar. Dei står på. Regjeringsforhandlarane kan ikkje ha brukt mykje tid på kaffipausar og henging i baren og alt dette andre som vanligvis gjer eit hotellopphald i Buskerud til å halde ut.
Regjeringsplattforma til Høgre og Frp er på syttifem sider. Utan bilde. Med ganske små bokstavar. Og dette skreiv dei på ei veke.
Ei veke?!?!
Eg kjenner forfattarar bruker mange år på å skrive syttifem sider. Og det er folk som lever av å skrive.
Og regjeringsforhandlarane skulle ikkje berre skrive. Dei måtte først diskutere seg fram til kva dei skulle skrive. Det rakk dei også. Og det ser faktisk også ut til at dei rakk å lese over før dei leverte, for eg fann nesten ingen stygge skrivefeil. Og eg trur pinadø også dei fekk tid til å øve seg litt før pressekonferansen. Siv Jensen hadde i alle fall øvd seg på å seie «fotavtrykk» ganske mange gonger.
Ærlig talt: Dette er godt jobba.
Så det er mykje som imponerer meg med folk som lager regjeringsplattformer.
Og så er det noko som forundrar meg. Ikkje berre med denne regjeringsplattforma, men med alle dokument av denne typen.
Det står mykje konkret der om kva regjeringa har lyst til å få til. Men så står der også sånt som: «Regjeringen vil arbeide for demokrati og menneskerettigheter». Og «Regjeringens mål er at alle skal ha like muligheter».
Og då tenker eg: Her skal dei skrive noko så viktig som ei regjeringsplattform. Og dei har det ganske travelt. Men dei tek seg altså likevel tid til å skrive sånne ting. Dei tenker altså ikkje at det er nokre ting som er såpass sjølvsagte at det ikkje er nødvendig å bruke tid på det. Som at regjeringa ikkje har planar om å avskaffe demokratiet i inneverande stortingsperiode.
«Regjeringen er opptatt av å sikre en trygg og verdig alderdom,» står det.
Og: «Regjeringen vil forvalte skattebetalernes penger med respekt og motarbeide sløsing med offentlige midler.»
Om det var slik at regjeringa gjekk inn for å sløse mest mulig med offentlige pengar, så ville det vere verd å nemne. Det motsette burde vere underforstått.
Kvifor skriv dei dette? Er dei faktisk redde for at folk skal tru at viss dei ikkje seier noko anna, så kjem regjeringa sikkert til å jobbe beinhardt for at folk skal få ein mest mulig utrygg og uverdig alderdom?
Det er som kvar gong du landar med eit fly. Då gjer dei merksam på at det ikkje er lov å røyke før du er ute av terminalbygningen. Nesten ti år etter at røykelova blei innført, så er det kanskje ikkje strengt tatt nødvendig å bruke pust på å fortelje folk at det berre er lov å røyke der det er lov å røyke. Men det er også mykje dei ikkje seier før du får gå ut av flyet. Dei seier ikkje: «Velkommen til Værnes lufthamn, Trondheim. Vi gjer merksam på at røyking ikkje er tillatt før du er ute av terminalbygningen. Vi gjer også merksam på at det ikkje er tillatt å ta ting i butikkane utan å betale. Takk.»
Visse ting må vi faktisk forutsette at folk er i stand til å forstå heilt av seg sjølve.
Som at det ikkje er lov å bryte lova, heller ikkje på flyplassar.
Som at ei regjering i Norge – viss dei ikkje seier frå om noko anna – har tenkt å halde fast ved demokratiet og ikkje aktivt gå inn for å sløse vekk pengane våre.
Men nei då.
Endå meir oppsiktsvekkande er det at den avtroppande regjeringa faktisk tok seg tid til å skrive ein skikkelig trontale, sjølv om dei veit at dei skal gå av straks. Det må då vere unødvendig. Dei må ha betre ting å gjere. Rydde kontora. Legge musefeller i skuffene.
Her hadde dei sjansen. Dei kunne fått sjølvaste kongen til å seie kva som helst. Eg veit ikkje om kongen les gjennom desse talane først. Det verkar ikkje alltid slik.
Viss Stoltenberg-regjeringa hadde vore litt meir tøysete og gitt litt blaffen, så kunne vi fått høyre kongen seie:
«Hei. Av alle regjeringer jeg har jobbet med, er den rødgrønne regjeringen min desiderte favoritt. For en gjeng! Artige folk med glimt i øyet og kvikke replikker. Pene er de også. Jeg ser svart på fremtiden. Lykke til!»
Men nei.
I staden brukte dei tid til å skrive alt det sjølvsagte den avtroppande regjeringa er for. Akkurat som den påtroppande.
Først publisert i Aftenposten 12. oktober.