Portretterer norske grønsaker

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kom Jagland i forkjøpet

 – Den Jagland-sketsjen laga me eigentleg til førre fredsprisutdeling, men så vart han aktuell att, fortel Arild Ørnholt, ein av tre animatørar, eller grønsaker om du vil, som står bak den nyoppretta Facebook-sida Norske grønnsaker.

LES OGSÅ: Feirar 100 år med norsk animasjon

Bachelorprosjekt
Saman med Jan Petter Aarskog og Marius Stene, utvikla Ørnholt konseptet med animerte sketsjar som ein del av bacheloroppgava på animasjonsutdanninga i Volda. Då vart det to episodar på 6-8 minutt kvar. Begge episodane vart tidlegare i år synt under den årlege animasjonsfilmfestivalen i Volda og ein av desse er allereie valt ut til å visast under Fredrikstad Animation Festival.

No nytta dei høvet med den aktuelle fredsprisutdelaren til å promotere Norske grønnsaker. Den halvminuttlange animasjonsvideoen syner Thorbjørn Jagland i fredspriskomiteen under pressekonferansen, med sin karakteristiske engelskuttale annonserer han årets fredsprisvinnar: Kermit the frog.

–Tanken er at me på Facebook skal leggje ut ein aktuell sketsj i veka, fortel Ørnholt.

Inspirasjonen til animasjonssketsjane hentar dei frå det norske samfunnet, kulturlivet og naturen.

LES OGSÅ: Ein skikkeleg revejobb

Saka fortset under biletet.


Tre tøysete animatørar. Frå høgre Arild Ørnholt, Jan Petter Aarskog og Marius Stene nedst i hjørnet. Foto: Privat

Spreidde grønsaker
Animerte sketsjar er kanskje ikkje det første ein assosierer med namnet norske grønsaker.

– Me gjekk gjennom mange forskjellige namn og idear. I byrjinga var me litt usikre på identiteten til prosjektet. Me ville ha noko som høyrdes veldig norsk ut og eg tykkjer det har ein fin klang. Det har ei todelt side eg likar, det at me tek for oss norske personar, eller grønsaker rundt oss, fortel den bergenske grønsaken Arild Ørnholt.

Dei tre grønsakene gror og arbeider no på ulike stader i landet, ein i hovudstaden, ein i Bergen og ein har nesten slått rot i studiebygda Volda. Likevel klarar dei med god hjelp av Facebook og Skype å vidareføre bachelor-konseptet sitt.

Det vert ein del frilansing og småprosjekt på dei tre. Grønsakene er eit prøveprosjekt, men målet er ein dag å kunne samlast i eit studio for å produsere dagleg å få betalt for det.

– I tillegg er det store målet å kunne underhalde med å seie noko om norsk kultur og samfunnsliv, fortel Ørnholt.

LES OGSÅ: Teikneseriehovudstaden

– Regjeringsskiftet ei gullgruve
Animatøren kan allereie no varsle om ein oppfølgjar til Jagland-sketsjen, som vil sleppast i samband med sjølve fredsprisutdelinga. Vidare kan folk vente seg harselas med norsk snobbe- og vinkultur og kanskje noko frå den påtroppande regjeringa.

– Regjeringsskiftet er jo ei lita gullgruve, så du skal ikkje sjå bort ifrå at det kjem noko derifrå, hintar Ørnholt.

– Det kjekke med animasjon er at me òg kan lage sketsjar med norske dyr som til dømes elg, sau og dompap, seier Ørnholt.

Å satse som animatør er kanskje ikkje den sikraste og beinaste karrierevegen, men gutane freistar å få det til med hjelp av litt humor og norske grønsaker.

– Det er ikkje lett, men det er veldig spanande, fortel Ørnholt.

Sjå sketsjen frå Norske grønnsaker i vindauga under.