– Beste sesongen nokon sinne

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No ligg den endelege statistikken for cruiseskip-anløp i Hardangerfjorden føre. Den syner at det totalt var 108 skipsanløp med til saman 146.438 passasjerar i cruisehamner i Hardangerfjorden. Dermed seglar årets sommar opp som den best besøkte sesongen noko sinne i Hardangerfjorden, skriv Cruise Destination Hardangerfjord i ei pressemelding.

Dette er ein auke på 35% kva anløp angår og 42,5% auke av passasjerar frå 2012.

Det er tyskarane som dominerer med 99.283 om bord, medan det var 33.127 britar. På tredjeplass kjem USA med 3.600 passasjerar

Eidfjord størst
Eidfjord med eiga kai er den største cruisehamna i Hardangerfjorden. Dit kom det 72 skip med 104.014 passasjerar. I tillegg til hamne-, passasjer- og tryggleiksavgift sel kommunen også vatn til dei fleste skipa. I snitt brukte kvar einskild passasjer rundt 300 kroner på sitt opphalde i Eidfjord.

Andre hamner
I Ulvik var det innom 26 skip med til saman 37.328 passasjerar. Jondal hadde fire skip og 2.218 passasjerar medan Rosendal hadde fem skip med 2.100 passasjerar. I Odda var det eitt skip med til saman 778 passasjerar. Korkje Ulvik eller Eidfjord hadde større hindringar av Hardangerbrua. Tvert imot synte brua seg å vera ein attraksjon og ei god ferdselsåre på dei mange utfluktene for passasjerane. I tillegg til større cruiseskip, sastasar Rosendal også på superyachts, og er med i eit Vestlandssamarbeid om denne marknaden, skriv dei i pressemeldinga.

Ingen rekord i 2014
Førebels har Hardangerfjorden tingingar frå 88 cruiseskip med til saman 135.000 passasjerar i 2014. Det er venta nokre fleire tingingar før neste sesong, men kjem det vil neppe verta sett noko ny rekord att. Likevel kan det sjå ut til at neste år kan gå mot det nest beste året, slik det ser ut no, skriv Cruise Destination Hardangerfjord i pressemeldinga. Fleire reiarlag posisjonerer seg alt no framfor sesongen 2015, då krava til svovelinnhald i drivstoffet vert skjerpa frå max 1% til max 0,1% her i Sør Noreg. Då vert olja vesentleg dyrare, og dette førar med seg at distansen mellom hamnene lyt verte kortare. I staden for å segla inn og ut fleire lange fjordar, vil ein truleg berre velje ein fjord. Hardangerfjorden er då godt plassert i forhold til Stavanger og Bergen, skriv dei.

Saka var først publisert i Avisa Hordaland.