Norske dokumentarar til prestisjefestival
«Tvillingsøstrene» er ein av fire norske dokumentarfilmar som er invitert til årets dokumentarfilmfestival i Amsterdam, IDFA.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Tvillingsøstrene» til Nederland
Filmane er tekne ut i konkurranseprogrammet til festivalen, opplyser Norsk filminstitutt.
LES OGSÅ: Mykje bra norsk dokumentar
Dokumentarfilmens Cannes
Éin av desse dokumentarfilmane er «Tvillingsøstrene», der ein møter tvillingsystrene Alexandra og Mia, som vart adopterte frå Kina og hamna i kvar sin del av verda. Alexandra kom til Fresvik i Sogn, medan Mia fekk ein heim i Sacramento i California.
Dei tre andre norske dokumentarane som er inviterte til festivalen er «Light Fly, Fly High», «Olga – Til mine venner» og «17 000 Islands».
Ifølgje Norsk filminstitutt er IDFA dokumentarfilmens svar på filmfestivalen i Cannes, og er rekna som den største og viktigaste filmfestivalen for dokumentarar i verda. IDFA blir arrangert i tidsrommet 20. november til 1. desember.
LES OGSÅ: Vil vere ei stemme for dei stemmelause