Når likninga ikkje går opp for dei blå-blåe

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når blålikninga ikkje går opp

Staten er ein kalkulator, han reknar på det han har. Politikarar, derimot, reknar på det dei ikkje har. Dei blå-blå er ikkje noko unnatak i så måte. Pengar er pengar same kvar dei kjem frå, men det nektar den komande regjeringa å innsjå. Dei vil til dømes føra ein eigen rekneskap over oljepengane, dei vil ha oss til å tru at oljepengar er noko anna enn andre pengar, og lovar at oljepengane berre skal gå til investeringar og slikt som gjer Noreg meir berekraftig. Eller som dei sjølve skriv: «Bruken av oljepenger skal vris i retning av investeringer i kunnskap og infrastruktur samt vekstfremmende skattelettelser.»

Kva dette skal tyda, er bortanfor mi fatteevne. Det offentlege investerer kvart år om lag 5 prosent av fastlands-BNP. Det vert i år om lag 110 milliardar kroner. Det er om lag like mykje peng-ar som det Noreg i år brukar av Oljefondet. Om den komande regjeringa vil, kan ho seia at alle offentlege investeringar kjem frå Oljefondet, eller ingen. Om vi til dømes legg saman alle pengane frå NAV og dei offentlege trygdekassene, bruker Noreg om lag 400 milliardar kroner til trygder og sjukepengar. Om den komande regjeringa vil, kan ho seia at ein fjerde-del kjem frå Oljefondet. Same kva ein kallar oljepeng-ane; både livet og økonomien går vidare.

Bøndene skal få svi
Diverre er den nye regjeringsfråsegna full av slikt tanketomt språk. Difor er ho òg nær uråd å tolka; samla sett går ho ikkje i hop. Difor må det koma kutt, anten gjennom politiske vedtak eller realøkonomisk endring. Men om ein skal taka den formelle ordlyden i regjeringsfråsegna på alvor, er det stort sett berre éi gruppe som skal få mindre: bøndene. Både importvernet og overføringane, som til saman utgjer om lag 40 milliardar, skal ned. Lat oss seia at dei skal kutta ein fjerdedel her, det vert 10 milliardar. I direkte utgifter over statsbudsjettet, landbruksstønaden, sparer då staten om lag tre milliardar.

Tre milliardar er ikkje særleg mykje. Utgiftssida på statsbudsjettet er i år om lag 1000 milliardar. Problemet er berre at importvernet gjer at staten får høgre momsinntekter. Går matvareprisen ned, går inntektene til staten ned. Kor mykje dei taper, er uråd å seia sidan dei ikkje talfester nedgangen, men skal ein nedgang merkast, må det kuttast ein god del. Kanskje så mykje at staten taper tre milliardar i momsinntekter. Det er som ein forstår, ikkje lett å taka regjeringsfråsegna på alvor.

Alle skal få
Lat oss likevel halda fram: Det skal koma meir til vegar, forsking, høgare utdaning, politi, helse og omsorg, berre for å nemna noko. Samstundes skal det òg verta auka botnfrådrag, mindre toppskatt, redusert formuesskatt og null i arveavgift. Dette tyder at veljarane skal få meir pengar, og at staten skal bruka meir pengar. Slikt kan politikarar seia, men slik kan ikkje staten tenkja. Fleire pengar i omlaup tyder berre at verdien av pengar går ned, ikkje at vi får fleire ressursar.

I det verkelege livet, derimot, fører ein slik politikk til at nokre får mindre. Kven vert så det? Her kan vi berre tippa, men om det skal verta meir til investeringar i vegar, må det tyda at det vert mindre offentleg konsum, og kven står for det største offentlege konsumet i Noreg? Jau, det er kommunane, dei som produserer omsorg og skule. På side sju kjem kuttet: «Regjeringen vil endre inntektssystemet slik at kommunene får beholde en større del av verdiskapningen der hvor verdiene skapes.»

Så godt som alle norske kommunar går i dag med underskot, dei har for å seia det enkelt ikkje noka verdiskaping å «beholde.» Utan statlege overføringar er dei konkurs, og med reduserte overføringar er dei ute av balanse. Gjennomfører den blå-blå regjeringa dette, får Bergen, Oslo og Stav-anger meir og Ørsta, Hitra og Karasjok mindre, dette samstundes som at Erna Solberg i den same fråsegna lovar at det skal koma pengar til meir omsorg og at lærarane skal få eit prestisjelyft.

Lærarstatistikk
Ein kan òg ha mistanke om at den komande regjeringa ikkje kan statistikk, dei signaliserer nemleg at dei vil gjera lærar-utdaninga om til ei masterutdaning, og at ein må ha karakteren fire i norsk og matematikk for å koma inn på lærarskulane. Den førre regjeringa la i 2009 fram ei stortingsmelding om lærarskulane. Der kan ein lesa at eit slikt karakterkrav i 2008 ville ha ført til at 70 prosent av dei som då byrja på lærarskulane, ikkje ville ha kome inn med eit karakterkrav på fire, og at langt dei fleste lærarskulane ikkje hadde personell med såkalla fyrstekompetanse, altså doktorgrad eller tilsvarande. Og fyrstekompetanse må ein ha for å kunne tilby masterutdaning.

Gjennomfører dei blå-blå dette, vert altså dei fleste norske lærarskular nedlagde, og vi vil i dei komande åra få ein stor skort på lærarar som er formelt kvalifiserte til å undervisa. Det må i sin tur tyda at Solberg og Jensen vil avskipa læraryrket som lukka profesjon, og at kravet om pedagogikkutdaning må fjernast. Om den nye regjeringa verkeleg meiner dette, er uråd å vita sidan det ikkje står i fråsegna, men ein slik politikk er å lova seg sjølv stor motstand frå fagforeiningane til lærarane. Her er det berre å venta på store mengder bråk og protestar i gatene.

QUIZ: Kva veit du om Høgre?

Til krig mot LO
I fråsenga kan vi òg lesa at Noreg skal halda på den korporative modellen, det såkalla trepartssamarbeidet mellom LO, NHO og regjeringa. Ein kan ha mistanke om at heller ikkje dette er alvorleg meint. For Solberg lovar at ho både vil opna opp for fleire mellombelse tilsetjing-ar og mykja opp arbeidsmiljø-lova ved å opna opp for nye turnusar og meir overtid. Desse tiltaka samsvarar med tiltaka som det offentlege turnusutvalet i si tid lanserte, og vil tvillaust auka tilbodet av arbeidskraft her til lands, noko som i sin tur vil føra til ei betre berekraft i den samla økonomien. Men LO er i hovudsak mot desse tiltaka. Ei regjering som legg seg ut både med Utdanningsforbundet og LO, er anten ei modig regjering eller ei regjering som ikkje kjem til å halda det ho lovar.

Det same LO sette òg ned foten då Stoltenberg ynskte å redusera barnetillegget for uføre; den nye regjeringa varslar òg omkamp her. Ho vil òg sikra at det løner seg å arbeida, som må tyda at ingen uføre skal få høgare trygd enn dei hadde i lønsinntekt. Men gjennomfører Solberg det ho lovar på arbeidsfeltet, kan ho faktisk verta den fyrste statsministeren i etterkrigstida som fekk nordmenn til å arbeida meir. Det ville i så tilfelle mest vera revolusjonært, men ikkje meir revolusjonært enn at det samsvarar med analysen til den førre regjeringa i perspektivmeldinga om kva som er heilt naudsynt skal velferdsstaten overleva.

LES OGSÅ: Slik vil dei endra Noreg

Meir omsorg, meir helse
Det er likevel ikkje auka berekraft i velferdsstaten som er hovudbodskapen; det er derimot auka utgifter. Solberg og Jensen vil lovfesta retten til heildøgerpleie i omsorgssektoren, fjerna ansvaret kommunane har til å medfinansiera samhandlingsreforma, opna opp for statleg finansiering av eldreomsorg og etablera ei statleg norm for kor mange tilsette det skal vera i den same sektoren. Liknande planar og lovnader kjem dei blå-blå også med i sjukehussektoren. Alt dette vert svært dyrt og vil per definisjon måtta føra til store kutt andre stader eller ein ekstrem auke i oljepengebruken.

Diverre er det nok det siste som skjer. Oljefondet har auka dramatisk dei seinaste åra og kjem neste år etter det meste å døma til å passera 5000 milliardar og dimed opna opp for langt meir pengebruk etter handlingsregelen. Men Noreg har ikkje nok folk til å gjennomføra det dei blå-blå lovar i fråsegna si, og dimed vert resultatet meir sløsing og endå høgre EØS-innvandring. Det vil på si side føra til lengre køar på vegane, meir press på infrastrukturen, auka trong til skular, sjukehus og husvære, som så vil krevja høgre pengebruk og meir sløsing og endå meir innvandring.

Vi har enkelt og greitt ikkje mange nok bønder og distriktskommunar å kutta i til at likninga til dei blå-blå går i hop. I så måte er Solberg og Jensen ikkje ulike andre politikarar. Den norske karusellen skal haldast i hop med teip og auka oljesmurning. Når alle skal få, får etter kvart ingen.

Les saka i Dag og Tid!