Under det finske meisterskapet i 1938 sprang Abraham Tokazier fortast på 100 meter, men fekk ikkje fyrsteplassen. No snur det finske idrettsforbundet.

mm

Tidlegare i år beklaga det finske idrettsforbundet feilen, men sa samstundes at ifølgje internasjonale reglar kan ikkje resultatlista endrast i ettertid. No har forbundet snudd og vil gje Abraham Tokazier den plassen han fortener, ifølgje den israelske avisa Haaretz.

LES OGSÅ: DNA avslører Adolf Hitlers jødiske røter

Avisbevis
Då den jødiske sprintaren Abraham Tokazier kryssa mållinja fyrst under eit nasjonalt finsk meisterskap i 1938 vart han berre lønna med ein fjerdeplass av måldommarane. Dagen etter avslørte eit avisfotografi at Tokazier var raskast, men det finske idrettsforbundet sa at dei ikkje kunne nytte biletet som bevis på sigeren.

Ifølgje den tyske historikaren Giselher Spitzer er antisemittisme den einaste forklaringa på kvifor ikkje Tokazier fekk gullmedaljen.

LES OGSÅ: Professor fekk nei frå universiteta

– Rettferda sigra
Abraham Tokazier, som døydde i 1976, var medlem i det som no er verdas eldste jødiske sportsklubb, Makkabi Helsinki. Klubben har i lang tid engasjert seg for å rette opp i uretten som vart gjort mot den jødiske sprintaren.

– Rettferda har sigra. Me er letta og lukkelege, uttala nevøen Hillel Tokazier, til Hbl.fi, og legg til:

– Det er ein stor dag for Makkabi og heile den jødiske minoriteten i landet.

Det var i den svenskspråklege finske avisa Hufvudstadsbladet (Hbl) at målfotoet frå 1938, som no vert godkjent som bevis på sigeren, fyrst stod på trykk.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE