«The Fox» passerte 100 millionar

Raskare enn «Gangnam Style».

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Raskare enn «Gangnam Style»

Videoen, som har gjort den norske komikarduoen kjente langt utover Noregs grenser, brukte berre 35 dagar på å nå milepælen. Den sørkoreanske artisten Psy trengte til samanlikning 51 dagar på å nå det same talet treff med giganthiten «Gangnam Style», skriv VG.

Men etter tre og ein halv månad nådde «Gangnam Style» éin milliard visningar., noko også Ylvis-brørne siktar mot.

– Vi får ta kaka når vi har komme til éin milliard, sa Vegard Ylvisåker til VG på Gardermoen tysdag kveld.

LES OGSÅ: Ein skikkeleg revejobb

Han og broren Bård var da klare for ein ny tur til USA. Denne gongen skal dei vere gjester på dei to store tv-showa «Late Night With Jimmy Fallon» og frukostshowet «The Today show with Carson Daly» på NBC. Dessutan skal New York Times lage eit portrett med dei.

Dei hadde likevel aldri sett for seg at dei skulle nå 100 millionar visingar med revelåten.

– Da det nærma seg ti millionar klikk, sa eg til ein kamerat at det passa litt dårleg med kake da, og at vi fekk ta det til jul når vi kanskje har komme opp i 100 millionar. Så det er jo vittig at det har gått éin månad, og plutseleg så er vi der, seier Bård Ylvisåker.

«The Fox» var onsdag på tiandeplassen på topp-ti-lista til iTunes over dei mest spelte låtane i USA. Låten er nummer åtte i Canada, på andreplass i Finland og nummer tre i både Sverige og på New Zealand. I Noreg tronar han ikkje overraskande heilt på toppen av iTunes-lista. (©NPK)

LES OGSÅ: Høyr kva reven eigentleg seier