Sju av ti butikksjefar er kritiske til Solberg-planane om å tillate søndagsopne butikkar, viser ei undersøking.

NPK-NTB
NPK-NTB

Butikksjefane fryktar at dei får mindre fritid om butikkane skal halde ope søndagane. Dessutan er dei redde for at det kan gå ut over innteninga til bedrifta, ifølgje undersøkinga «Norsk ledelsesbarometer», som organisasjonen Lederne står bak.

– Så mange som 84 prosent av butikksjefane svarte at søndagsopne butikkar vil gi mykje meir arbeid for dei. Frå før av er dette ei gruppe som har eit sterkt press på seg ved at dei må vere tilgjengelege store delar av opningstida til butikken, og dei arbeider langt utover normale arbeidsveker, seier Stein Stugu ved De Facto kunnskapssenter for fagorganiserte, som har laga barometeret.

Nærare 70 prosent av medlemmene i handelsbransjen meiner altså at det er negativt med ei liberalisering av lova om søndagsopne butikkar. Dersom Høgre og Framstegspartiet får det som har dei varsla i regjeringsfråsegna, vil også butikkar på over 100 kvadratmeter få lov til å halde ope på søndagar og andre heilagdagar.

– Det er viktig å få på plass eit så godt regelverk som råd før det blir lov med søndagsopne butikkar, seier forbundsleiar Jan Olav Brekke i Lederne. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47
ANNONSE