Ufrivillig kroppskontakt

Eg kan ikkje ha drøymt det. Det ville vere for sjukt.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Ufrivillig kroppskontakt

Du la sikkert ikkje merke til det.

Som alle andre politisk interesserte menneske som ser på tv-nyheitene, så satt nok også du og irriterte deg over at det hadde gått fleire sekund sidan forrige oppdatering om at det ikkje er noko nytt frå regjeringsforhandlingane.

Eller kanskje satt du rasande framfor tv-en og tenkte: «Men kvifor driv de og viser alle desse andre greiene!? Når eg sett meg ned for å sjå nyheiter, så gjer eg naturligvis det fordi eg vil vite kva NRKs politiske kommentator Trine Eilertsen meiner, absolutt heile tida.»

Så du la sikkert ikkje merke til det.

Eg la merke til det. Eg husker ikkje kvar eg såg det. Men eg såg det. På tv. Det er eg heilt sikker på. Eg kan ikkje ha drøymt det. Det ville vere for sjukt.

Det var eit innslag om dei nye folkevalde som var innom Stortinget denne veka. Dei var inne i salen og fann plassane sine. Der satt gamle og nye representantar om kvarandre. Det var mykje nervøst småprat, veteranar som handhelste på nyvalde med sveitte handflater. Det var då eg såg det. To stortingsrepresentantar som hadde fått plass ved sida av kvarandre. Som ikkje småprata. Som ikkje helste. Dei berre satt der, på to nabostolar. Rasmus Hansson frå Miljøpartiet De Grønne og Christian Tybring-Gjedde frå Frp. To humørbomber frå kvar sin kant. Dei var kanskje i bildet i ti sekund. Dei snakka ikkje. Dei smilte ikkje. Tybring-Gjedde såg ned. Hansson såg ut i lufta. Begge to hadde dratt til seg armane, slik at dei ikkje skulle komme borti kvarandre.

Men dei kjem til å komme borti kvarandre. Det er ikkje til å unngå. Eg har vore i stortingssalen. Som alt anna berømt, så er også stortingssalen mykje mindre i verkeligheita enn på tv. Stolane dei sitt på er ikkje spesielt store. Og dei står tett. Det er umulig å sitte ved sida av kvarandre utan å komme borti kvarandre før eller seinare. Hudkontakt vil nok også oppstå.

Det er kanskje dette dei tenker på, Hansson og Tybring-Gjedde, der dei sitt på plassane sine og ser i kvar si retning. Er det dette eg har kjempa for? tenker dei. Er det dette eg har ofra nattesøvn og fritid for? Alle desse ørkeslause samtalane med folk i valkampen, alle flygeblada, alle debattane med folk som ville misforstå meg, alle dei dumme spørsmåla. Gjekk eg gjennom alt det, for dette?! Ofra eg så mykje, for å sitte på ein trang stol og ha kroppskontakt med denne fyren i fire år?

Det er som å måtte dele hotellrom med han eine som ingen eigentlig har lyst til å invitere med på guteturen, men de gjer det likevel, for å unngå dårlig stemning. Og nokon må dele rom med han, sjølv om han er av typen som er heilt ute av stand til å føre ein samtale utan å seie noko upassande. Eller sjølv om han er av typen som er heilt ute av stand til å høyre ein vits utan å måtte påpeike at denne vitsen faktisk bygger på minst to faktiske feil.

Tenk deg at du må dele rom med denne fyren i fire år.

Om ein er mørk til sinns, kan ein kanskje tenke at dette er den eigentlige grunnen til at det ofte er lite folk i stortingssalen under debattane, at folk ikkje liker sidemannen.

Men eg ser annleis på det. Eg tenker at av alt som er vakkert med demokratiet, er dette kanskje det aller vakraste. Eg kjenner ikkje verken Christian Tybring-Gjedde eller Rasmus Hansson, og lever stort sett greitt med det, men eg innbiller meg at desse to kanskje ikkje har veldig mykje felles, bortsett frå at dei driv med politikk og er valde frå den same delen av landet. Og det er nettopp derfor dei hamnar ved sida av kvarandre, så nær kvarandre at kroppskontakt og hudkontakt er uunngåelig, så nær kvarandre at dei ser kva den andre noterer. Og der skal dei sitte i fire år. To menn med lite felles. Kanskje til og med to menn som ikkje liker kvarandre. Men der skal dei sitte. Ikkje kvar dag. Ikkje på langt nær. Men ofte. Ofte nok til at det blir umulig å ikkje finne noko å snakke om. Du kan ikkje ha kroppskontakt med nokon i fire år utan å snakke. Så dei blir nødt til å finne noko dei har felles. Sport, kanskje. Slips, kva veit eg? Kanskje avslører Rasmus Hansson midt i perioden at han liker «Skal vi danse», og så blir det den vesle skitne hemmeligheita deira, som dei fniser om i pausane. Eit eller anna dei finne.

Og det er det som er vakkert.


Først publisert i Aftenposten 5. oktober.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!