Trassig og sta i hundre år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Journalist og forfattar Alfred Fidjestøl har skrive boka «Trass alt», om den hundreårige historia til Det Norske Teatret – eit teater som har møtt så mykje motstand at det nærast er eit under at det eksisterer.

Boka er skriven som ei samanhengande forteljing frå forløparen Det Norske Spellaget i 1911 til jubileumsfeiringa i 2013. Fidjestøl følgjer historia til teatret nærast frå månad til månad.

– Eg har hatt tilgang til imponerande mykje arkivstoff og har fått fridom til å skrive både kritisk og uavhengig. Målet mitt har vore å skape eit truverdig bilete av teatret og eg har prøvd å skrive slik at ein ikkje treng føresetnader for å lese og forstå, seier Alfred Fidjestøl, som har brukt 3,5 år på det store bokprosjektet.

Drama, dans og språkkamp

Forløparen til Det Norske Teatret var den omreisande teater- og folkedanstruppen til Hulda og Arne Garborg. Ekteparet hadde lenge ønskt seg eit landsmålsteater, eit «spelarlag av bygdefolk» i Noreg. I 1911 la Det Norske Spellaget ut på sin første turné – ein gjeng med unge idealistar som støtta landsmålssaka og som hadde lyst å spele teater. Hulda Garborg var den karismatiske leiaren, og sjølv godt etablert som dramatikar.

Spellaget var ein kamporganisasjon innan den stadig sterkare norskdomsrørsla, som arbeidde for nasjonalt sjølvstende, styrking av tradisjonell norsk kultur og landsmålet som einaste skriftspråk.

Men kva som skulle bli skriftspråket til den unge nasjonen vart ein intens og hatefull debatt. Eit omreisande landsmålsteater, sjølv om det var lite, var for mange ein provokasjon.

– Det Norske Spellaget slost på mange frontar, dei måtte spele godt nok teater til å bli tekne på alvor av sympatisørane, men dei måte også stå oppreist mot demonstrantar og sabotørar. Teater var likevel populært på den tida, det var noko nytt og spennande, og dei vart stort sett tekne godt i mot, fortel Fidjestøl.

Så prosjektet til Hulda Garborg bar seg, det fanst ein marknad for eit omreisande landsmålsteater.

Husdraumen

– Men den store draumen var eit fast teater i hovudstaden, som kunne vise tradisjonell norsk kultur og som kunne vere ei institusjonell forankring av den stortingsvedtekne jamstillinga av dei to skriftspråka. Eit turnéteater ville aldri kunne få den same offensive funksjonen. Arbeidet til Garborgarane var heilt avgjerande for etableringa av det som vart Det Norske Teatret, seier Fidjestøl.

Teaterslaget blei også skildra av karikaturteiknarar. (Illustrasjon frå boka)

Teaterslag

I 1912 vart lutlaget Det Norske Teatret stifta og skodespelaren Rasmus Rasmussen hyra inn som første teatersjef. Dei skulle leige scena til Bondeungdomslaget i Bøndernes Hus i Kristiania når dei ikkje var på turné.

Den 2. januar 1913 hadde Det Norske Teatret si første framsyning i Kristiansand. Dette året var det også 100 år sidan nynorskgrunnleggjaren Ivar Aasen vart fødd.

6. oktober same året var det duka for hovudstadspremiere. Kvelden vart ein suksess, men dei følgjande dagane bryggja det opp til storm som enda i eit vekelangt teaterslag, med pipekonsertar under framsyningane, blodige slagsmål i salen og tusentals demonstrantar i gatene rundt teatret. Det blei den mest turbulente veka i norsk teaterhistorie.

– Kvifor blei slaget så stort?

– Sidemålsstilen vart innført i 1912. Det irriterte folk og til og med Arne Garborg syntest det var radikalt. Det heile byrja som ein gymnasprotest, som vaks til eit breiare opprør. Noreg var ein ung nasjon og mange tok for gitt at ein skulle ha eitt skriftspråk. Men landsmålet var på offensiven, og då det vart etablert eit nynorskteater i hovudstaden blei det frykt for korleis Noreg skulle bli og kva som skulle vere typisk norsk. Teatret vart staden å få ut raseriet og frustrasjonen, fortel Fidjestøl.

LES FLEIRE SAKER OM TEATERET HER!

Stødig jubilant

I 1916 kjøpte Det Norske Teatret tomta som det noverande teaterbygget står på. Men det skulle gå veldig mange år før ein kom heilt i mål i eige hus, og vegen fram var tornefull.

Faktorar som økonomi, indre uro med ulike teatersjefar, mangel på god nynorsk dramatikk, mangel på teaterbygg, politiske vindar og motstand frå riksmålsfolk sette stadig kjeppar i hjula. Men ein gav aldri opp, landsmålsfolk var seigliva og sta.

I 1981 vart det første spadetaket sett av kulturminister Lars Roar Langslet. Teaterbygget med sine 26.000 kvadratmeter stod ferdig 6. mai 1985 – trass all motstand gjennom 72 år.

– Korleis står det til med 100-åringen?

– Det er ein frisk jubilant! Dagens teatersjef Erik Ulfsby har ført til mykje ny energi og økonomien er sunn og god. Det Norske Teatret står der sjølvsikkert og stolt i jubileumsåret. Teaterkunsten konkurrerer i dag med mange medium, men nynorskteatret trekkjer likevel 200.000 tilskodarar, seier forfattar Alfred Fidjestøl. (©NPK)

Det Norske Spellaget i 1911. Sitjande frå venstre: Ingebjørg Hektoen, Klara Semb, Anna Semb, Hulda Garborg, Rasmus Breistein. Ståande frå venstre: Edvard Drabløs, Aadne Garborg, Johan Mikkelsen, Olai Breistein. (Foto frå boka/ Sturlason)