Ylvis inne på topp ti i USA

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«The Fox» ligg på åttandeplass på Billboard-lista.

Dermed hoppar brørne Bård og Vegard Ylvisåker opp fem plassar frå førre veke, då duoen låg på 13. plass.

Ifølgje Billboard har Ylvis-låten notert seg for 73.000 nedlastingar, opp 21 prosent frå førre veke, og heile 9.5 millionar strøymingar, opp med 34 prosent.

LES OGSÅ: Høyr kva reven eigentleg seier

Ylvis ligg framfor både Lady Gaga og Lana Del Rey på topp 10. Som nummer éin ligg Lorde med songen «Royals».

«The Fox» debuterte på lista for to veker sidan på ein 29. plass og fortset framleis klatringa.

You Tube har videoen no komne opp i over 77 millionar visningar, og fleire veddemålsselskap tek no imot veddemål om når videoen passerer 100 millionar og 250 millionar visningar. (©NPK)