Flest born med ADHD i Telemark

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flest med ADHD i Telemark

For fyrste gong i Noreg har Folkehelseinstituttet publisert ei studie av den geografiske spreiinga av ADHD, autismespekterforstyrringar, epilepsi og celebral parese hjå born.

LES OGSÅ: Snakkar ut om ADHD

Stor variasjon i Agder
Medan utbreiinga av celebral parese og epilepsi er nokolunde jamn, er det betydeleg fleire barn med ADHD i Telemark enn i Vest-Agder.

Vest-Agder peika seg òg ut med lågast førekomst av autismespekterforstyrringar med 1,1 prosent, men kryssar ein fylkesgrensa til Aust-Agder har 3,5 prosent av borna mellom 6 og 12 år ein diagnose knytt til autisme.

LES OGSÅ: – Bruk mat som medisin

– Kunstig og utdatert
Forskarane sjølv meiner det skuldast ulik diagnostisering.

– Slik talla ser ut, kan det setjast spørsmålsteikn ved om desse borna får eit einsretta og likeverdig helsetilbod, seier Pål Surén, doktorgradsstipendiat ved Folkehelseinstituttet, på deira nettsider.

Diagnostikk og behandling av desse tilstandane går føre seg på 29 somatiske sjukehus og 102 barne- og ungdomspsykiatri. Forskarane stiller spørsmål både ved spreiinga i behandlingstilbod og det skiljet mellom medisin og psykiatri.

– Det skarpe skiljet mellom barnemedisin og barne- og ungdomspsykiatri på desse behandlingsområda verker både kunstig og utdatert, meiner Pål Surén. 

Faktaboks

Diagnosar hjå 6-12-åringar i Noreg:

  • 0,6 prosent har autismespekterforstyrrelser
  • 2,0 prosent har AD/HD
  • 0,9 prosent har epilepsi
  • 0,3 prosent har cerebral parese