Sp kan syte for regjeringsfleirtal i Stortinget
Sjølv om den nye regjeringa til Erna Solberg har ein samarbeidsavtale med Venstre og KrF, kan Senterpartiet også bli ein støttespelar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kan syte for fleirtal på Tinget
Til Vårt Land seier nestleiar i Senterpartiet, Ola Borten Moe, at partiet kan vere villig til å danne fleirtal med regjeringspartia aleine i saker der Sp har interesser, for eksempel regulering av motorferdsel i utmark og rovdyrpolitikken.
– Partileiaren min Liv Signe Navarsete sa valnatta at Sp no skal inn i rolla som eit konstruktivt opposisjonsparti. Det er eg samd i, seier Borten Moe til avisa.
Mindretalsregjeringa med Høgre og Frp treng berre støtte frå eitt av opposisjonspartia for å få fleirtal i Stortinget.
Verken Høgre-nestleiar Jan Tore Sanner eller Oscar Grimstad, stortingsrepresentant for Frp, ser vekk frå eit samarbeid med det tidlegare raudgrøne regjeringspartiet Sp i enkeltsaker, skriv Nationen. (©NPK)