Ikea startar å selje solcellepanel
Storbritannia er fyrste land i verda der ein no kan kjøpe solcellepanel hjå flatpakkegiganten Ikea.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
No sel Ikea solcellepanel
Ikea freistar å kaste seg på den grøne bølgja med å tilby flatpakka solcellepanel til sine kundar.
Møbelgiganten har allereie installert over 250.000 solcellepanel på sine eigne varehus verda over. Denne veka startar Ikea med sal av solcellepanel til kundar i testlandet Storbritannia.
LES OGSÅ: Kappløp om supersolceller
Kanskje til Noreg
Det er fem år sidan det vart klart at Ikea ville satse på solenergi. No er solcellepanela, produsert av kinesiske Hangery, i sal i det fyrste varehuset i Southhampton. I løpet av året vil resten dei 17 britiske Ikea-varehusa ha solcellepanel i hyllene, melder nyheitsbyrået AP.
Eit standardpanel med eit 3.36 kilowatts system vill koste i overkant av 55.000 norske kroner, inkludert installasjon, vedlikehald og energiovervaking. Men det er enda ikkje sikkert om norske kundar kan kjøpe flatpakka Ikea-solcellepanel til sine hus og hytter.
– Me har ikkje planar for å lansere dette i Noreg enda, seier Siv Egger, kommunikasjonsrådgjevar i Ikea Noreg.
Ho fortel at resultata av satsinga i Storbritannia vil vere klare om rundt eit år, når solcellepanela har vore i sal og bruk ei stund.
– Etterpå vil me vurdere land for land som moglege marknader, seier Egger.
Medan norske forbrukarar ventar på solcellepanel kan dei alltids lade opp Ikea-leselampa Sunnan i ni til tolv timar, for å lese i tre timar etter mørkets frambrot.
LES OGSÅ: 28.000 søkte Ikea-jobb
Private kan selje straum
Sjef for berekraft i Ikea Steve Howard meiner at det er riktig å satse mot forbrukarane no, etter at prisane på solcellepanel har gått ned dei siste åra.
– Straumen din vil vere gratis etter sju år, hevdar Howard, som då siktar til den britiske marknaden.
Grunnen til at Ikea valde å teste ut sal av solcellepanel i Storbritannia er at dei har eit middels prisnivå på straum, i tillegg til at dei har statlege økonomiske insentivordningar som gjer det gunstig for forbrukarar å investere i solenergi. Private eigarar kan selje overskotsenergien sin, om dei ikkje nyttar alt solskinet ein dag.