Ein skikkeleg revejobb

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har lært reven mykje betre å kjenne enn eg gjorde for eit halvt år sidan, fortel animatør Julian Vargas, til Framtida.no.

LES OGSÅ: Høyr kva reven eigentleg seier

400 timar
Julian Vargas er ein del av det vesle selskapet Animaskin, som saman med selskapet Panoptiqm, har laga reven som dukkar opp heilt i slutten av Ylvis-brørne sin utrulege Youtube-suksess «The Fox». Ti sekundar rev er rundt 400 timar arbeid med dataanimasjon, utan at han har eksakt timetal.

– Eg assosierer diverre reven med ganske mykje jobb og har sett fleire timar med revefilm enn eg er komfortabel med, fortel Vargas, som òg har vore i Namsskogan familiepark for å filme reven Otto.

– Det er vanskeleg å få tak på personlegdomen til reven, for å gjere han slu utan at han vert stusseleg, seier Vargas.

I musikkvideoen «The Fox» ville dei ha ein rev som var litt meir mystisk, enn den me tradisjonelt finn i norske skogar, ein som kjem inn på slutten og stel showet.

– Vår rev er litt kulare og har litt meir “attitude”.  

LES OGSÅ: Are Kalvø om Noregs internasjonale rykte

Bakomfilm
Vimeo har dei lagt ut ein film som syner litt av arbeidet som ligg bak den korte dataanimasjonen. 

– Folk ser eit ti sekunders klipp av ein rev som dansar i skogen og skjønar ikkje at det har teke oss heile tre månader å skape det klippet, seier animatør Julian Vargas, til Nernett.no.

Utruleg nok utgjer den dansande reven 25 prosent av budsjettet for musikkvideoproduksjonen.

«The Fox» har no over 70 millionar visningar på Youtube, i tillegg til eit utal parodiar og coverversjonar. Det er ein suksess ute av proporsjonar for Ylvis-brørne, men kanskje enda meir for dei anonyme animatørane.

Etter å ha fullført animasjonsstudiane i Volda i 2007 byrja Julian Vargas å samarbeide med Bård og Vegard Ylvisåker. Eit samarbeid som har gitt han både utfordringar og nesten tallause Youtube-visningar.

– Når ein har ein slik suksess som dei har hatt med «The fox»ville dei fleste andre ha hoppa på denne ideen og vidareutvikla han for alt han er verd. Ylvis-brørne skjønar ikkje dette i det heile tatt og satsar heller på nye prosjekt til ei kvar tid. Sånn sett er dei ganske "funny" å jobbe saman med, seier Vargas, til Nernett.

LES OGSÅ: Feirar 100 år med norsk animasjon

Saka fortset under biletet.


Her testar Bård Ylvisåker ljoset med ein ekte rev. Skjermdump frå bakomfilmen

Vanskeleg pels
Julian Vargas har gjennom sitt samarbeid med Ylvis bidrege med animasjonar til både «Norges herligste»og «Ylvis møter veggen», før han fekk reveoppdraget. Eit oppdrag som er betydeleg vanskelegare enn det ser ut som.

– Det krevjar sjukt mange timar framføre skjermen. Me ville ikkje at reven skulle sjå for mekanisk ut, og kanskje enda vanskelegare er det med pelsen. Det finnast både eigne dataprogram og til og med fagfelt som arbeider med å animera pels. Det er ein grunn til at ein ikkje ser så mange fotorealistiske dyr i til dømes musikkvideoar, det er rett og slett kjempevanskeleg og kostbart å få det til, seier Vargas, til Nernett.

Animatøren trur ikkje suksessen med «The Fox» vil endre kvardagen hans fullstendig. Men det er ein kul ting å ha på CVen.

– Det har jo vorte sjukt mykje baluba rundt om i heile verda, og det er veldig "funny" å følgja med på det. Ein dag var det 150 treff på YouTube og plutseleg var det 70 millionar!