Debuterte med å skyte okse

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For fyrste gong stod Halvor Noraberg på post med børse torsdag. Sidan han ikkje er 18 år kan han ikkje stå åleine på post. 16-åringen stod saman med Jon Hagen, men det var Noraberg som trekte av då elgoksen med to taggar kom litt utpå ettermiddagen.

– Pulsen gjekk noko høgare, innrømmer debutantskyttaren i Kvåle/Tveiten jaktlag i Høydalsmo.

– Det var både moro og spennande. Eg visste eg hadde eit godt skot, så eg var ikkje i tvil om at elgen kom til å dette, legg han til.

LES OGSÅ: Nesten åleine

På same posten
Dermed overgjekk han den eitt år eldre broren Jostein, som i fjor også krona debuten med børse med å skyte ein elgkalv. Rett nok litt lenger uti jakta enn Halvor som fekk blink på fyrste dagen.

– Det er kjekt å slå storebror, smiler Halvor.

– Det kom eit par elgar til meg i dag også, men dei hadde for stor fart, legg Jostein til.

Og likskapane er fleire; båe skaut elg på den same posten i Tufter i Høydalsmo.

– Me har båe vore med på elgjakt sidan 10-årsalderen, seier Jostein.

Dei jaktar for Kvåle/Tveiten jaktlag. Då VTB var innom låven i Kvålsgrend laurdag hadde jaktlaget skote sju av dei åtte elgane på kvoten, i tillegg til ein hjort.

Les saka i VTB.no!