Glimmerdalen kan bli ny teaterklassikar

Are Kalvø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan bli ny teaterklassikar

Han har dramatisert den kritikarroste boka til Maria Parr. 

Onsdag 9. oktober får publikum møta Tonje Glimmerdal – Glimmerdalens vesle dunder – i levande live for første gong. Heidi Ruud Ellingsen har hovudrolla som den uredde jentungen som snart blir ti år, og som ordnar opp når ting blir vanskeleg. Med ein lett og spretten kropp hoppar og spring ho rundt på scenen og snakkar kav sunnmørsdialekt. 

– Eg er ein stor fan av Maria Parr, seier 28-åringen med nordlandsk tonefall. Ho kjem opphavleg frå Narvik, men etter å ha hatt hovudrolla som Unn den fagre i Hærøyspelet i sommar, har ho ingen problem å slå om til sunnmørsdialekt.

Også Ivar Tindberg er ein stor tilhengjar av Maria Parr og boka ho har skrive om Tonje Glimmerdal.

– Personleg rangerte eg med ein gong boka blant dei ti beste i verda uansett sjanger. Det er ei strålande bok. Ho treffer noko som går rett i hjartet, slår han fast.

– Ein helt å strekkja seg etter
Tindberg meiner Tonje Glimmerdal er eit førebilete for både små og store.

– Tonje er ein person vi kan strekkja oss etter: Ho er modig, open og empatisk. Maria Parr har sjølv sagt at Tonje er den jenta ho skulle ynskt ho sjølv var då ho var lita.

Den viltre jentungen i Glimmerdalen lever etter mottoet fart og sjølvtillit.

– Tonje er det einaste barnet i heile Glimmerdalen, men ho er eit veldig kreativt utebarn som er flink til å finna på ting, seier Ruud Ellingsen. Ho kjenner seg godt att i den aktive niåringen.

– Eg var sjølv svært aktiv i den alderen. Eg spelte fiolin, dreiv med ishockey og dansa ballett. Det gjekk i eitt. Eg hadde ikkje ein einaste ettermiddag fri, men det var gøy! Men eg trur ikkje eg var like tøff som Tonje, seier skodespelaren, som beundrar motet og den sterke rettferdskjensla til rollefiguren sin.

LES OGSÅ: Leik kvar dag!

Forska i det å vera 10 år
Regissøren og hovudrolleinnehavaren synest begge det har vore kjekt å forska i det er å vera ti år.

– Du er framleis barn, men du byrjar likevel å forstå meir enn då du var åtte. Det er like før puberteten startar, og du blir meir lukka. Når du er ti, har du framleis eit ope og litt naivt syn på livet. Då kan det vera skikkeleg vondt å finna ut at heltane dine også har sine feil, seier Heidi Ruud Ellingsen.

Og det er nettopp det Tonje Glimmerdal oppdagar.


– Der bur Gunvald, seier skodespelar Heidi Ruud Ellingsen. Både ho og regissør Ivar Tindberg er begeistra for historia om Glimmerdalens vesle dunder. Foto: Margunn sundfjord/NPK

Kampen for å få bygda frisk
Glimmerdalen er ein fantastisk plass å veksa opp med fin natur, familie og venner. Likevel er det noko som ikkje er som det skal vera.

– Det er ei skjult sorg som ligg i bygda, men det veit Tonje ingenting om, forklarer regissøren.

Men så blir fortida rulla opp.

I den innhaldsrike forteljinga om Tonje Glimmerdal har han valt å konsentrera seg om kampen til Tonje for å få Glimmerdalen til å bli frisk igjen. Tonje forstår at ho ikkje får det til utan at ho får bestevennen sin, 74 år gamle Gunnvald, og dottera hans – som ikkje har hatt kontakt med kvarandre på over tretti år – til å bli venner att.

– Som alle heltar trassar ho alt ho er redd for, for å få det til, seier regissøren.


Før Det Norske Teatret gjekk i gang med å utforma framsyninga om Tonje Glimmerdal, laga scenograf Unni Walstad ein modell av Glimmerdalen i miniatyr. Foto: Margunn Sundfjord / NPK.

Forsoning og tilgjeving
Å arbeida med Tonje Glimmerdal har gjort sterkt inntrykk både på han og Heidi Ruud Ellingsen. Sjølv om stykket er ei familieframsyning, meiner dei handlinga tek opp allmennmenneskelege tema som vedgår alle.

– Mange av dei konfliktane Tonje går gjennom, er ting eg kan oppleva i min eigen kvardag. Det handlar om forsoning, tilgjeving og familierelasjonar, seier Heidi. Sjølv om det er ei krevjande rolle, er ho takksam og glad for å få lov til å spela den modige helten i Glimmerdalen.

– Alle skodespelarar burde arbeida oftare med korleis ein tiåring har det.

– Kva ønskjer de at publikum skal sitja att med etter å ha sett framsyninga? 
– Viss vi får folk til å sitja att med ein varme i brystet, har vi gjort jobben vår. Og så kan vi spørja kva denne varmen i brystet er. Kanskje er det ei kjensle av meining, av heilskap og av at ting er som dei skal vera? seier Ivar Tindberg. 

LES OGSÅ: Korleis vart du du, Maria Parr?