Det ferske arkeologispelet er utvikla av Arkeologisk avdeling ved Universitetet i Stavanger og NettOp: Universitetets avdeling for utvikling av digitale læremiddel.
Spelet er meint til bruk i skular over heile landet, og er først og fremst mynta på ungdomsskuleelevar.
Det er gratis og kan brukast av alle lærarar som ønskjer det, heiter det vidare i pressemeldinga om spelet – som er tilpassa valfaga «Forsking i praksis» og «Kulturminner i felt».
Det førstnemnde faget starta opp i 2012, medan sistnemnde er nytt av året.
I spelet «Jakten på fortiden» blir du teken med til grava Krosshaug på Jæren. I den vart ein person gravlagt omkring 450 år før Kristus. Kven låg i graven? Kva rolle hadde han eller ho på garden? Kva tenkte dei om døden før kristendommen? Dette er spørsmål elevane søkjer etter svar på. (©NPK)