Eg vert aldri statsminister

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valet er over. Det handla om menneske – sjølvsagt om deg og meg, om våre krav, håp og draumar, for sjukehusa, studielånet, vegane eller miljøet. Det er sjølvsagt det viktigaste – det er vi som er demokratiet Noreg.

Men det handlar også om menneska vi valde, og ikkje valde. Vi valde 169 stortingsrepresentantar. No skal Erna Solberg velje statsrådar, og langt fleire og meir løynde statssekretærar og politiske rådgjevarar. Mange av dei er såkalla broilerar.
Omgrepet broiler er ikkje noko heidersmerke i norsk politikk. Det vert gjerne nytta nedsetjande om yrkespolitikarane med ingen eller liten erfaring utanom politikken. Ved årets val melde Dagens Næringsliv at 15 av dei 67 nye på Stortinget er nett det.  I eit notat frå tidligare i år gjekk Civita gjennom yrkesbakgrunnen til stortingskandidatane med sjanse til å kome inn på Stortinget. Sjølv om det bygde på meiningsmålingar i juni – før valkampen og med alle feilmarginar, syner det likevel ein tendens. 34% av representantane ville kome frå interesseorganisasjonar – sivilsamfunnet, fagrørsla og ikkje minst partiorganisasjonane. Slik har det vore også dei føregåande vala – færre kjem frå næringslivet, fleire har partibakgrunn.

Eg er for gamal til å verte ei av dei, sjølv om eg er medlem av eit parti og til og med sit som vara til kommunestyret i heimkommunen min. For eg har aldri fått verkeleg tak på det. Eg var på kurs og større møte – gjekk på talestolen og på nachspiel, drakk kaffi og lærte. Men eg fekk aldri heilt grepet. Kanskje var det for langt til møta sidan eg kom frå utkanten i fylket. Kanskje var det berre nok anna – skriving, studering og sløving. Eller kanskje har eg vorte meir usikker eller pragmatisk, med at det er vanskeleg å forsvare alt og at svara kanskje ikkje er like opplagte. Og så har det livet vorte fjernare, og vegen til å verte politikar på heiltid står fram som uendeleg lang. Så mykje tid, så mange glitrande innlegg, så mange som har kome mykje lenger og kjenner mange fleire, nominasjonskampar og spissing av olbogane. I ein alder av 23 hadde både Erna Solberg og Jens Stoltenberg hatt ei lang rekke verv i sine respektive ungdomsparti. Dei var på veg, eg er for gamal.

Eg sit altså med kjensla av at om ein ikkje har brukt ekstremt mykje av tida allereie frå tenåra på politikk, så er løpet kjørt. Sjølv om eg veit det er ei overdriving, er det tendensen som uroar meg. Som Gunnar Stavrum skreiv i fjor: ”i praksis er politikk i ferd med å bli et eget yrke”. Han peika også på faren for teoretiske vedtak langt over kvardagen på folk.
For vert arbeidslivsregelverket like godt utan folk med ”vanleg” arbeidserfaring, landbrukspolitikken til god utan bønder(eller dei har vi jo fleire av blant dagens representantar) eller vedtaka om næringsutvikling like gode utan gründerar?

Ei anna fare kan vera språket. Det gjer kanskje noko med ein, om ein er vand med å lese saksdokument frå tenåra. Politikarspråket vert kanskje endå meir internt, med faste vendingar og uttrykk.

Men kanskje skyt eg meg sjølv i foten. For eg tykkjer jo det er fint at vi vel inn unge representantar, som naturleg nok har mindre arbeidserfaring. Men som framleis har kjensla av studentøkonomi, har vore gjennom dagens skule, har våga mot eigne moderparti i somme saker – som endå rører seg i sneakers og ungdomsmiljø. Fredric Holen Bjørdal(AP) og Sivert Bjørnstad(FrP), er like gamle som meg og har lova å tale ungdommens sak. Unge Høgres førre leiar Henrik Asheim og avtroppande Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn.
Og sjølvsagt er politikarar som alle andre så uendeleg mykje meir enn eigen yrkesbakgrunn – ein lever ikkje i eit vakuum. Møte med menneske, det offentlege ordskifte og ikkje minst partiprogramma, som ein skal fylgje om ein er 23 eller 63, kjem til å prege løysingane og resultata.

Det vi alle er samde om er at Stortinget skal vera representativt. Og like mykje som vi vel inn finnmarkingar, opplendingar og sogningar, bør vi etter mitt skjønn velje inn meir enn berre broilerar. Vi treng mangfald –  gründerar, studentar, kunstnarar, juristar, lærarar, bønder, forskarar og gjerne lause kanonar.

Uansett bakgrunn, hadde kanskje broiler-kritikaren Per Olaf Lundteigen eit poeng, då han diskuterte saka på Dagsnytt Atten. Med at politikarane burde verte flinkare til å nytte Ivar Aasens vitskapelege metode.

– Du skal reise ut å snakke med folk, fornemme kva som rører seg og heile tida ha eit samspel mellom praksis og teori. Og slik lage gode forslag til løysingar framover,


Først publisert på Magasinett!